Erp lutande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Erp lutande (Erpr lútandi) var ein norsk skald som levde omkring år 800.

Han er nemnt i den islandske landnåmaboka[1] der det er opplyst at dotter hans, Astrid Sløkedreng var gift med skalden Brage Boddason. Etter som ein reknar Brage Boddason som ein historisk person, må truleg det same gjelde for Erp Lutande og mellom etterkomarane hans finn vi både Arinbjørn herse i Firda og skaldane Tind Hallkjellsson og Gunnlaug Ormstunge.

Etter Skaldatal[2] var både Erp Lutande og versonen Brage Boddason, skaldar hos to kongar: Eystein Bele og Bjørn på Haug. [Note 1]. Det er uvisst kven desse kongane var, men den sistnemnde kan ha vore ein «rex Bern» som er nemnd som konge over Birka i Sverige.

Ei tilleggsopplysning i Skaldatal[3] tyder på at Erp ein gong gjorde eit drap på ein heilag plass og vart dømt til å misse livet. Han skal då ha redda livet ved å gjere ei dråpa om «Saur kongshund». Episoden minner om forteljinga i Egilssoga[4] der det blir fortalt at Brage Boddason redda hovudet sitt ved å gjere ei slik «hovudløysings-dråpa» til kong Bjørn Sviakonge.

Ingen diktverk av Erp Lutande er kjende i dag.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I islendingesoga Soga om Hervor (Hervarar saga ok Heiðreki) er dei to kongane Eystein Illråde, son av Harald Hildetann og Bjørn på Haug nemnde i samband med ei forteljing om Brage skald

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Landnåmaboka kafli 22, frå snerpa.is
  2. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  3. Erpr lútandi vá víg i véum ok var ætlaðr til dráps. Hann orti drápu um Saur konungshund ok þá höfuð sitt fyrir.
  4. Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]