Errico Malatesta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Errico Malatesta

Fødd4. desember 1853
Capua, Santa Maria Capua Vetere
Død22. juli 1932 (78 år)
Statsborgar avKongedømet Italia
Yrkeaktivist, skribent, revolusjonær, journalist, fagforeiningsleiar, anarkist
Utdanna vedUniversitetet i Napoli Fredrik II
MedlemFørste Internasjonalen

Errico Malatesta (4. desember 185322. juli 1932) kom frå Sør-Italia, og blei ein aktiv og kjend anarkist. Han sat samanlagt over 10 år i fengsel i ulike land for verksemda si.

Malatesta var oppglødd for Pariskommunen, og slutta seg til den Første Internasjonalen, Napoli-avdelinga. I 1872 møtte han Mikhail Bakunin og deltok ilag med han på kongressen til Internasjonalen same året. Dei neste fire åra var Malatesta med og spreidde propaganda for Internasjonalen i Italia, og han blei fengsla to gonger for dette.

I 1887 deltok Malatesta i oppreisten i Benevento-provinsen, der to landsbyar gjekk over til dei revolusjonære. Etter det sat han 16 månader i fengsel.

Etter fleire terroriståtak på den italienske kongefamilien, begynte politiet med konstant overvaking av anarkistane, blant dei Malatesta, enda dei hevda dei ikkje hadde noko med denne terrorismen å gjere. Malatesta gjekk i eksil, og hamna til slutt i London, der han arbeidde som iskremseljar og mekanikar. Han heldt seg likevel ikkje i ro, men var blant anna fleire gonger tilbake i Italia i løynd, der han også grunnla vekeavisa La Questione Sociale, Det Sosiale Spørsmålet, i 1883. For å unngå fengsling måtte han fare frå Italia att, og frå 1885 var han i Argentina, der han var med og stifta den første skikkelege fagforeininga i det landet, Bakarforeininga.

Malatesta

Frå 1889 var han tilbake i Europa, etter kvart mest i London igjen. Han skreiv fleire viktige anarkistiske pamflettar. I 1912 blei han stilt for retten i London, dømd til tre månader i fengsel, og trua med deportasjon (utvising), ein trussel som ikkje blei noko av på grunn av demonstrasjonar og motstand i den radikale pressa.

Etter første verdskrigen vende Malatesta tilbake til Italia for godt, og arbeidde blant anna med avisa Umanita Nova, Den Nye Menneskeslekta. Men i 1921 blei han fengsla igjen, og slapp ut berre to månader før fascistane fekk regjeringsmakt i landet. Frå 1924 til 1926 gav Malatesta trass store vanskar ut bladet Pensiero e Volonta, Tanke og Vilje, men frå 1926 hadde fascistane gjort det heilt uråd å drive uavhengig presse.

Resten av livet levde Malatesta tilbaketrekt, og arbeidde som elektrikar. Han var sjuk, og leid mykje av bronkitt. Han døydde av lungebetennelse.

Malatesta var ein prinsippfast anarkist, motstandar av både kapitalismen og staten. Han tok avstand frå all partipolitikk og var jamvel skeptisk til anarkosyndikalistiske fagorganisasjonar. Han var ikkje pasifist, og meinte vald var nødvendig i den sosial revolusjonen fordi øverheita i siste instans byggjer på vald. Men han tok avstand frå terrorisme og frå all undertrykking, også den han såg i den russiske bolsjevismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]