Ersfjorden på Senja

Koordinatar: 69°30′42.977″N 17°17′57.649″E / 69.51193806°N 17.29934694°E / 69.51193806; 17.29934694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°30′42.977″N 17°17′57.649″E / 69.51193806°N 17.29934694°E / 69.51193806; 17.29934694

Ersfjorden på Senja

Ersfjorden er ein fjord på norsida av Senja i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7 km søraustover til bygda Ersfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Oksneset i nordaust og Sporra i sørvest. På sørsida av fjorden går fjordarmen Steinfjorden. Fjorden er omgjeve av høge, bratte og spisse fjell der dei høgaste strekkjer seg opp til om lag 800 meter over havet.

Riksveg 862 går langs den indre delen av fjorden.