Ertebøllekulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ertebøllekulturen var ein arkeologisk kultur som fanst i Sør-Skandinavia og Nord-Tyskland i slutten av mellomsteinalderen frå ca. 5400 til ca. 4000 f.Kr. Klimatisk høyrer kulturen til atlantisk tid, då isdekket over Skandinavia var avslutta. Havvasstanden var rundt 3 meter høgare enn i dag, men sørlege område som i dag er tørt land låg under havet på grunn av landsenkinga forårsaka av isen.

Ertebøllekulturen avløyste Kongemosekulturen, og reflekterer endringane i klima og levevilkår. Kulturen har namn etter Ertebølle ved Limfjorden i Nord-Jylland.[1] Her blei det funne ein kjøkkenmødding, eller ei opphoping av matavfall som kan vera nokre meter høge og fleire hundre meter lange. Ho inneheldt særleg avfall frå østersmuslingar og andre skaldyr. Ein har funne over 200 slike skaldynger berre i Danmark.

Ertebølletida blei etterfølgd av traktbegerkulturen.

Livsform[endre | endre wikiteksten]

Utsnitt av ein kjøkkenmødding med østersskjel.

Ertebøllekulturen var hovudsakleg ein kystkultur afv jegerar, fiskarar og sankarar. I tillegg til sanking av østers og muslingar i sommarmånedane drei ertebøllefolket jakt i indlandet på kronhjort, urokse, rådyr, villsvin, villkatt, gaupe, rev, oter, ulv og mår. Ved havet dreiv dei jakt på svaner og ender, og i havet jakta dei niser og selar og fisa ål, horngjel, torsk og liknande. Kosten var allsidig og kunne veksla frå stad til stad ut frå lokal tilhøve. I tillegg til å bruka dyra til kjøt brukte ein også skinnet og beina deira til reiskapar.

Mykje av jakta gjekk for seg med pil og boge. Bogane var laga av alm. Dei var 160–170 cm lange og med handtak midt på. Pilene hadde to utformingar: ei tverrpil med spiss av flint og ei pil utan spiss men med eit avrunda hovud; truleg til å jakta på mindre pelsdyr, der ein ville unngå å skada skinnet. Fisket fann stad med krok, lyster og ruse. Andre reiskapar, pilespissar, bor, flekker og skraparar til tilverking av skinn, blei laga av flint gjennom slagbearbeiding. Det er funne ein firetakka kam av bein, ein spekklampe av lêr og lêrkar.

Knokkelundersøkingar har vist av isotopsammansetjinga til menneske frå Ertebøllekulturen liknar den til nokre grupper inuittar som hovudsakleg levde av havpattedyr. Gjennomsnittshøgda for menn var ca. 166 cm og for kvinner ca. 154 cm. Dei eldste menneska ein fann gravlagde i Vedbæk var rundt 50 år gamle.

Det er ikkje funne spor etter bustader på østersdyngerne. Ein veit ikkje om østersdyngebuplassane berre var sommarbuplassar eller om ein heldt til her heile året. Eit funn av østersskjel ved Ringkloster i Østjylland rundt 10 km frå kysten tyder på at kystjegerane også oppheldt seg i innlandet i nokre periodar. Ved Skateholm er det funne spor ein har tolka som greinhytter, der dei største er 11 x 6 m.

Fartøy[endre | endre wikiteksten]

Ertebøllefolket brukte stammebåtar av lind, mellom anna funne ved Tybrind vig på Vestfyn. Stammebåtane var nær 10 m lange, med spissoval stamn, flat botn og nokså rette sider. Botnen var 3–5 cm tjukk og sidene 1–2 cm tjukke med ei avrunda, fortjukka ripe. Akterstamnen var ca. 60 cm brei. Ein har funne breiblada, nær hjarteforma årer av ask, der ei av årene ein har funne var dekorert med eit symmetrisk motiv. Stammebåten kunne romma 6-8 personar. I akterenden hadde han ein liten eldstad, som kan henga saman med lysing etter ål.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Ertebøllekulturen blei oppdaga i 1849, då ein fann leivningar etter menneskeleg verskemd ved MeilgårdDjursland. Kulturen blei arkeologisk anerkjend i 1850, då arkeologen Jens Jacob Asmussen Worsaae, professor i zoologi i København Japetus Steenstrup og geologen Johan Georg Forchhammer utførte ei felles utgraving av ei skaldynge ved Krabbesholm nordvest i Jylland. Dei kom fram til at skaldyngene måtte stamma frå ei særeigen jakt og sankinglivsform.

Ein har særleg funne kjøkkenmøddingar nord i Danmark, som ved Limfjorden, austkysten av Jylland, Stavns FjordSamsø, nordkysten av Fyn, vest- og nordkysten av Sjælland (mellom desse Isefjorden), Roskilde fjord og Øresund). Møddingane kan vera ganske store: Den ved Ertebølle er ca. 140 m lang, ca. 20 m brei og ca. 1,9 m tjukk, medan ein mødding ved Bjørnsholm er ca. 325 m lang, 10–15 m brei og ca. 1,2 m tjukk.

Gravstader[endre | endre wikiteksten]

Det er funne fleire gravstader, mellom anna ved Bøgebakke, ved Strøby Egede (Strøbygraven), ved ein tidlegare fjord ved Vedbæk og ved Skateholm i Skåne. I ei grav låg eit barn mellom foreldra sine, i ei anna er ei mor gravlagd med barnet sitt, som var lagt på ei svanevenge. Også spedborn er omhyggeleg gravlagde.

I nokre tilfelle har ein gravlagd folk på eit skinn eller på eit kronhjortgevir. På Skateholm, der ein har kunna skildra to ulike fasar, har ein funne at gravleggingar med gevir høyrer til den eldre gravleggingsfasen. I dei fleste gravene er det funne spor av oker. Nokre av dei døde har fått med seg våpen (flekkekniv, flinteggdolk) eller smykke (tannperler, gjennombora framtenner frå kronhjort og villsvin, sneglehus) i graven.

Hundegraver[endre | endre wikiteksten]

Hunden var det einaste tamdyret Ertebøllefolket hadde. På Skateholm er det funne ti hundegraver som kan liknast med gravene for menneske. Dette tyder på at hunden har vore verdsett. Hunderasen verkar å likna på notidas grønlandshund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ertebøllekulturen» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Søren H. Andersen: "Havnø" (Skalk 2007 nr. 2; s. 6-11)
  • Geoffrey Bibby: Spadens vidnedsbyrd; Wormanium 1980, ISBN 87-8516-071-7 s. 78ff
  • Sönke Hartz, Harald Lübke & Thomas Terberger: "From fish and seal to sheep and cattle: new research into the process of neolithisation in northern Germany" (Proceedings of the British Academy, Volume 144: Going Over: The Mesolithic-Neolithic Transition in North-West Europe., 2007, s. 567-594)pdf-format;
  • Gyldendal og Politikens Danmarkshistorie (red. af Olaf Olsen); Bind 1: I begyndelsen. Fra de ældste tider til ca. år 200 f.Kr. (ved Jørgen Jensen); 1988, ISBN 87-90068-02-5 s. 64ff
  • Claus Malmros: "Hjortholm-køkkenmøddingen. Sten- og bronzealder omkring Stavns Fjord". i: Stavns Fjord – et natur- og kulturhistorisk forskningsområde på Samsø; Carlsbergfondet og Nationalmuseet, København 1995, ISBN 87-8938-409-1 s. 35ff
  • J.Troels-Smith: "Claudi-kiler, østersbanker og tidevand". i: Stavns Fjord – et natur- og kulturhistorisk forskningsområde på Samsø; Carlsbergfondet og Nationalmuseet, København 1995, ISBN 87-8938-409-1 s. 59ff
  • Jørgen Jensen: Danmarks Oldtid. Stenalder, 13.000-2.000 f.Kr.; Gyldendal 2001, ISBN 87-00-49038-5 s. 155ff
  • Svend Erik Albrethsen og Erik Brinch Petersen: "Jægerfolkets grave"; Skalk nr. 5, 1975, s. 3ff
  • Søren H. Andersen: "Pelsjægere"; Skalk nr. 2, 1979, s. 3ff
  • Jørgen Skaarup: "Undersøisk stenalder"; Skalk nr. 1, 1980, s. 3ff
  • Søren H. Andersen: "Sunket i havet"; Skalk nr. 4, 1982, s. 10ff
  • Lars Larsson: "Skateholm"; Skalk nr. 4, 1986, s. 21ff
  • Søren H. Andersen: "Fjordsejlads"; Skalk nr. 6, 1990, s. 9ff
  • Jørgen Skaarup og Ole Grøn: "Den våde grav"; Skalk nr. 1, 1991, s. 3ff
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]