Erua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erua
stad
Erua, with the railway station. ATLIB 289869.jpg
Erua i 1910-åra
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Manawatu-Whanganui
Distrikt Ruapehu District

Erua
39°13′41″ S 175°24′0″ E
Tømmer, jernbane og drampdriven tømmerdragar ved Erua i 1920.

Erua er ein liten stad i Ruapehu DistrictNordøyaNew Zealand. Han ligg ved New Zealand State Highway 4 like sør for busetnaden National Park. Maorinamnet Erua er sett saman av rua, 'to' og e som blir brukt for tal mellom to og ni.[1]

Staden ligg ved Erua Forest, eit område på 0.07 km² som blir teke var på av Department of Conservation. I denne skogen finst treslag som tawa, rimu, miro og totara.[2] Det verna skogområdet blei etablert i 1930.[3] Jakt er tillate i skogen.[4]

Erua hadde tidllegare ein stasjon på jernbanelinja North Island Main Trunk,[5][6] Han opna 1. april 1908, og var endestasjon på linja frå Auckland fram til Makatote fekk denne rolla seinare same året.[7] Frå 7. januar 1909 gjekk det godstog sørover frå Erua.[8] Staden blei mykje nytta til tømmertransport.

Det blei bygd fire femromshhus og ein 6. klasses stasjon etter George Troup-mønster her i 1908, i tillegg til diverse uthus. Eit kryssingsspor her hadde plass til 49 vogner. Det var eit postkontor ved stasjonen frå 1912 til 1937.[9] Om natta den 30. mai 1921 brann stasjonen ne.[10] Han blei stengd for generell godstraffik i 1969 og for all trafikk i september 1986.[9] No går det berre ei enkeltlinje gjennom den tidlegare stasjonsstaden.[11]

I dag har området ein enkeltspora sykkelsti.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «1000 Māori place names». New Zealand Ministry for Culture and Heritage. 6. august 2019. 
  2. «Fishers Track | Ruapehu, New Zealand». www.newzealand.com. 
  3. https://teara.govt.nz/en/king-country-places/print
  4. «Erua Forest hunting». www.doc.govt.nz. 
  5. Scoble, Juliet. «Names & Opening & Closing Dates of Railway Stations in New Zealand 1863 to 2010» (PDF). Rail Heritage Trust of New Zealand. 
  6. «Erua, Manawatu-Wanganui». NZ Topo Map (på engelsk). Henta 3. januar 2021. 
  7. «READY BY CHRISTMAS. DOMINION». paperspast.natlib.govt.nz. 1. mai 1908. Henta 4. januar 2021. 
  8. «OUR VOLUNTEERS. WANGANUI HERALD». paperspast.natlib.govt.nz. 16. desember 1908. Henta 4. januar 2021. 
  9. 9,0 9,1 «Stations» (PDF). NZR Rolling Stock Lists (på engelsk). Henta 10. august 2020. 
  10. «LOCAL AND GENERAL. MANAWATU TIMES». paperspast.natlib.govt.nz. 3. juni 1921. Henta 4. januar 2021. 
  11. «Manawatū Whanganui 0.3m Rural Aerial Photos (2016-2017)». basemaps.linz.govt.nz. Henta 25. desember 2020. 
  12. «Erua Forest Trail Mountain Bike Trail in Raetihi, New Zealand || SINGLETRACKS.COM». www.singletracks.com.