Ervik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ervik kyrkje
kyrkje
Ervik kyrkje
Foto: Kremle
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Ervik
Fellesråd Stad
Type Langkyrkje
Arkitekt Arnstein Arneberg og
Olav Platou
Teknikk Mura
Innvigd 14. juni 1970[1]
Sitjeplassar 150
Kart
Ervik kyrkje
62°10′1″ N 5°6′60″ E
Wikimedia Commons: Ervik kyrkje

Ervik kyrkje, tidlegare Ervik kapell, òg kalla St. Svithuns minnekapell, står i ErvikaStadtlandet i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1970.[1]

Ervik kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Ervik kyrkje
Frå kyrkjegarden i Ervika
Foto: Frode Inge Helland

Kyrkja vart reist til minne om forliset til hutigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen. Skipet vart bomba av allierte fly 30. september 1943, og gjekk ned. Bygdefolket medverka sterkt til berging av folk frå skipet. 78 vart berga medan 50 miste livet. Kyrkja vart sett opp til minne om både bergingsinnsatsen og dei som omkom.[1] Skipsklokka frå «Sanct Svithun» heng i kyrkjetårnet saman med ei klokke frå 1844. Inni kyrka er det fleire minne frå skipet, mellom anna ein skipsmodell og fløyta frå skipet. Det heng òg ei minneplate der med namna på dei 50 som omkom.[1] Ankeret ligg utanfor kyrkja.[2]

Teikningane til kyrkja vart laga av Arnstein Arneberg og Olav Platou. Kyrkja har sitjeplassar til 150 personar. [1]

Gudshuset hadde status som kapell fram til 1997, då vart området eige kyrkjesokn med Ervik kyrkje som soknekyrkje.[1]

Kyrkjegarden[endre | endre wikiteksten]

Det har vore gravstad i Ervika sidan før 1550. Truleg var det sjøfararane som hadde drukna på Stadthavet dei fyrst byrja å gravleggje der. Ei segn fortel at nokre portugisiske sjømenn var dei fyrste som vart gravlagde i Ervika. Selje-presten kom i eldre tid til Ervika ei gong om året for å jordfeste dei som var vorte gravlagde der gjennom året.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Ervik kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 2. mars 2021. 
  2. ««Ervik kapell» i NRK sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Vitja 14. januar 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]