Erwin Koeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erwin Koeman
Erwin-koeman.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Erwin Koeman
Fødselsdato 20. september 1961 (58 år)
Fødestad Zaandam i Nederland
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Oman (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978–1979 Groningen 6 (0)
1979-1982 PSV  43 (8)
1982-1985 Groningen 89 (39)
1985-1990 Mechelen 116 (22)
1990-1994 PSV 103 (13)
1994-1998 Groningen 115 (10)
Totalt 472 (92)
Landslag
1983-1994 Nederland 31 (2)
Trenar for
2004-2005 RKC Waalwijk
2005-2007 Feyenoord
2008-2010 Ungarn
2011 Utrecht
2012-2014 RKC Waalwijk
2014-2016 Southampton
2016-2017 Everton
2018 Fenerbahçe (assistenttrenar)
2018 Fenerbahçe (midlertidig]
2019- Oman
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Erwin Koeman (fødd 20. september 1961) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Zaandam i Nederland. Midtbanespelaren vart i 1988 europameister med Nederland og sanka i perioden 1987-89 som KV Mechelen-spelar pokalar både i den belgiske cupen og serien og den europeiske cupvinnarcupen. I 1991 og vart han seriemeister i heimlandet med PSV Eindhoven. Ronald Koeman er hans yngre bror.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Far til Erwin Koeman spelte i si tid på FC Groningen og han sjølv debuterte med Groningen vinteren 1979. Han fekk 6 seriekampar før han vart overført til PSV Eindhoven der han hadde tre lite lukkelege år. I 1982 var Koeman tilbake i FC Groningen og gjorde tre gode sesongar til han i 1985 fekk kontrakt med KV Mechelen. Med det belgiske laget var han med å vinne den belgiske cupfinalen 1987 med 1-0 over RFC Liège. Våren 1988 var Koeman delaktig i at KV Mechelen vann cupvinnarcupen 1988 etter finalesiger 1-0 mot Ajax frå Amsterdam. Sesongen 1988/89 vann KV Mechelen den belgiske seriemeisterskapen med fire poengs margin til RSC Anderlecht på andreplass. Sommaren 1990 byrja Koeman på si andre periode i PSV og med klubben frå Eindhoven vart han både i 1991 og 1992 nederlandsk seriemeister. Perioden 1994-98 spelte han ein tredje periode på FC Groningen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Erwin Koeman i 1983

Erwin Koeman debuterte på Nederlands landslag i april 1983 og spelte sin 31. og siste landskamp i januar 1994. På landslaget hadde han ei defensiv midtbanerolle i eit mannskap med blendande dyktige medspelarar som til dømes Ruud Gullit, Marco van Basten og Frank Rijkaard. Saman med desse og mellom andre broren Ronald Koeman vart han europameister 1988 etter finalesiger 2-0 over Sovjetunionen. Sine to landslagsmål skåra Erwin Koeman i VM-kvalifiseringskampar mot Kypros i 1985 og Finland i 1989.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1988 med Nederland
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1988 med KV Mechelen
  • Belgisk seriemeister: 1989 med KV Mechelen
  • Belgisk cupmeister: 1987 med KV Mechelen
  • Nederlandsk seriemeister: 1991 og 1992 med PSV Eindhoven

Erwin Koeman var 2008-10 landslagssjef for Ungarn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]