Eshtaol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°46′51.95″N 35°0′36.36″E
Eshtaol
moshav
Eshtaol228.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jerusalemkorridoren
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°46′51.95″N 35°0′36.36″E
Folketal 1 087 (2011)
Grunnlagd Desember 1949
 - Grunnlagd av Jemenittiske emigrantar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Eshtaol
Nettstad: www.eshtaol.org.il

Eshtaol (hebraisk אֶשְׁתָּאוֹל) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nord for Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde Eshtaol 1087 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eshtaol ligg i området som høyrte til Dan-stamma (Josva 19:41). I følgje Bibelen, byrja Samson profetiet sitt «mellom Sora og Esjtaol» (Domarane 13:25). Etter han døydde i Gaza, vart lekamen til Samson ført attende for å gravleggast i grava til faren mellom Esjatol og Sora (Domarane 16:31). Fem speidarar frå Esjatol og Sora vart sende ut for å finne eit høvande landområde for Dan-stamma. (Domarane 18:1-29). [1]

Den moderne Eshtaol vart grunnlagd på landområdet til to avfolka palestinsk-arabiske landsbyar, Ishwa' og Islin[2][3] etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Det var eit leidd i ein plan å grunnleggje busetnader i Jerusalemkorridoren for å skape ei kontinurleg blokk mellom kystsletta og Jerusalem. Dei første innbyggjarane var jødiske emigrantar frå Jemen, som slo seg ned her i desember 1949. Dei arbeidde med drenering for å skape jordbruksland og skogsdrift.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Eshtaol» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
  • Golani, Amir (27/11/2008): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 120.
  • Solimany, Gideon (11/03/2009): Eshta’ol Junction, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121.
  • Golani, Amir and Dan Storchan (01/01/2009): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121.
  • Freikman, Michael (23/07/2010): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 122.
  • Storchan, Dan (20/12/2010): Eshta’ol, Survey of Sha‘ar Ha-Gāy–Hartuv Junctions, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 122.
  • Storchan, Dan (22/11/2012): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124.
  1. Eshtaol - Walking in Their Sandals - location profile
  2. Harelbrigaden report from the diary of operations of Operation Danny Palmach (he)
  3. Khalidi, Walid (1992). All that Remains. Washington DC: Institute for Palestine Studies. s. 294. ISBN 0-88728-224-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]