Esing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Esing er ei litt tjukk list på langs på kvar side ved eller nesten oppe ved overkanten i ein robåt.[1] Han er tjukkast på midten, og vert noko tynnare mot endane like ved eller heilt ute ved stamnane. På det tjukkaste kan han i tverrsnitt variera mellom 3x3 cm til 10x10 cm etter båtstorleiken. Men tverrsnittet er sjeldan kvadratisk; som oftast er esinga tjukkast øvst, og har ei smalare underside. Ofte er ein eller fleire av vinklane i tverrsnittet heller ikkje rette.

På nesten alle robåtar nord for Bergen ligg esinga på nest øvste bordkant. Åfjordsbåtane har derimot ikkje slik indre esing, men derimot ei litt tjukk list på utsida av øvste bordkant; denne lista heiter «esseng». På Nordlandsbåtar bygt etter kring 1930 er òg esinga utelate, og på ein del heilt nye Sognebåtar er det lagt inn ei tynn teaklist, nærast som pynt, der ein vanleg esing skulle ha lege.

På båtar sør for Bergen ligg esinga langs øvste bordkant, og austom Lindesnes kallast han gjerne for «rip» (ei rip – ripa). Austom Lindesnes kan esinga òg verta så låg og brei at han byrjar å likna på eit vaterbord.

Som oftast stoppar esinga ved rengene (sjå rang), men på enkelte båtar på Sørvestlandet og på Sør-Austlandet går esingane heilt til stamnane. Ved kvar stamn står det i så fall gjerne ein liten nauvrang som bind esingane saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «esing» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. mai 2020.