Esker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For behaldaren eske, sjå øskje.
Esker i Einunndalen i Hedmark. Det går ein gamal seterveg langs ryggen.
Teikning av ein esker

Esker (av irsk eiscir, 'kam, ås') viser innan geologi til ein lang og smal rygg av sand, grus eller rullestein som er danna av avsetninaer frå smeltevasselver som renn i tunnelar under isbrear.[1]

Opphavleg blei ordet brukt til å skildra lange, bølgjeforma ryggar som no er kjend for å bestå av glasifluvialt materiale avsett av smeltevasselver inne i isbrear. Materialet blir lagt der vatnet byrjer renna saktare. Etter kvart som tunnelen blir tetta igjen, smeltar vatnet seg oppover i isen og det blir avsett nye lag. Vasstrykket i smeltevasstunnelene kan bli så høgt at vatnet blir pressa oppoverbakke. Etter at isen smeltar blir avsetjingane liggjande som forhøgingar i terrenget. For at eskerane skal bevarast må isen bevega seg lite.

Døme på eskerar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «esker» i Bokmålsordboka.
  2. THE ESKER RIADA
  3. Surficial Geologic History of Maine, maine.gov
  • Quin, E. G. (gen. ed.) (1983). Dictionary of the Irish Language. Dublin: Royal Irish Academy. s. 281. ISBN 0-901714-29-1. 
  • Easterbrook, D.J. (1999). Surface Processes and Landforms. New Jersey: Prentice Hall. s. 352. ISBN 0-13-860958-6. 
  • Trenhaile, Alan (2007). Geomorphology: A Canadian Perspective. Don Mills, Ontario: Oxford University Press. s. 188–191. ISBN 0-19-542474-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Esker