Esker Riada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk landskap frå Esker Riada, i County Westmeath

Esker Riada (Eiscir Riada) er eit system av eskerar eller rullesteinsåsar som strekker seg gjennom midten av Irland, mellom Dublin og Galway.

Eskerane går gjennom fylka Dublin, Meath, Kildare, Westmeath, Offaly, Leitrim, Longford, Roscommon og Galway. Ein stor del av systemet ligg i Teernacreeve-området i Westmeath, og går frå Kilbeggan til Tyrrellspass.

Eskerane har form som relativt låge åskammar danna av sand, grus og kampesteinar. Dei blei lagde att av vatn som fløymde under isbreane, og kom fram i lyset då breane smelta på slutten av den siste istida for rundt 10 000 år sidan.

Historisk tyding[endre | endre wikiteksten]

Det irske namnet Eiscir Riada gjev ein indikasjon på tydinga til eskerane. Eiscir tyder 'skilje' og Riada tyder 'veg'.[1]

Etter eit slag ved Maynooth i år 123 blei Irland delt inn i to politiske regionar langs eskerlina – Leath Cuinn ('Conn sin halvdel') i nord og Leath Mogha ('Mogha sin halvdel') i sør.[2]

Fordi det ligg litt høgare enn omlandet gjev Esker Riada ein veg gjennom myrlandet i midten av Irland. Sidan gammal tid har det vore ein veg mellom aust og vest på Irland. Det gamle gæliske namnet på området er An tSlí Mhór, som tyder ‘den store vegen’.[2][3] Han var ein av dei fem store vegane på Irland som band saman Clonard Abbey, Durrow Abbey og klosterbusetjinga ved Clonmacnoise, som blei grunnlagd på staden der elva Shannon renn gjennom Esker Riada.[2][4]

I kontrast til dei omliggjande myrlandet gjev den sandhaldige brejorda i eskerane veldrenet jord av relativt god kvalitet, og er nyttig for jordbruk.[5]

I dag[endre | endre wikiteksten]

Hovudvegen N6 frå Dublin til Galway går framleis i stor grad langs Esker Riada, og staden er framleis eit viktig jordbruksområde. Dublin-delen byrjar ved High Street ved sida av Wood Quay, og går sørvest gjennom Kilmainham til Greenhills Road.

Eskerane er blitt ei kjelde for byggjemateriale, og det er blitt henta ut mykje sand og grus. Den negative miljøpåverknaden frå denne verksemda er blitt kritisert, og Offaly County Council har verna området i ein County Development Plan, med forslag om å få Esker Riada erklært som ein verdsarvstad.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]