Esko Aho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esko Aho

Statsborgarskap Finland
Fødd 20. mai 1954 (69 år)
Vetil
Yrke politikar
Språk finsk
Verv Statsminister i Finland
Periode 1991-1995
Etterfylgjar Paavo Lipponen
Politisk parti Centern i Finland
Medlem av Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Esko Aho på Commons

Esko Aho (fødd 20. mai 1954) er ein finsk politikar for partiet Centern i Finland (finsk Suomen Keskusta). Han var statsminister i Finland frå 1991 til 1995.

Aho var i åra 1983–2003 medlem av den finske Riksdagen. I åra frå 1991 til 1995 var han statsminister i Finland. I 2000 stilte han til val som president, men tapte i andre valomgang for Tarja Halonen. Han tok deretter eit pauseår frå politikken for å undervise ved Harvard University. Ved valet i 2003 forlét han Riksdagen, trekte seg tilbake frå politikken og vart president for SITRA, det finske nasjonale fond for forsking og utvikling. Sidan 1. januar 2009 har han vore knytt til Nokia som sjef for avdelinga for relasjonane og ansvaret til selskapet.

Politisk ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Esko Aho vil verte ståande som den som leidde Finland inn i EU. Partiet hans, som fekk det meste av røystene frå bygdene i Finland, var imot EU-medlemskapet. Tidleg i 1990-åra var det ein djup økonomisk depresjon i landet, og regjeringa til Ahos måtte ta upopulære avgjerder for å senke arbeidsløysa. Dette gjorde han upopulær og medverka til fallet til regjeringa ved valet i 1995. Centern i Finland fekk dermed ein åtte år lang periode i opposisjon.