Espås-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Espås-saka er ei av dei mest omtalte og omfattande uoppklara drapssakene i Noreg i nyare tid. Trude Espås (fødd 1975) var ei kvinne som vart valdteken og drepen i Geiranger den 8. august 1996. Saka har vore gjenoppteken fleire gonger, utan vidare resultat.[1]

Saka[endre | endre wikiteksten]

Trude Espås forsvann frå Geiranger 8. august 1996. Ho vart observert sitjande på eit utsiktspunkt like utanfor sentrum. Dagen etter vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon. Elleve dagar seinare vart ho funne i ein steinur like utanfor sentrum av Sunnmørs-bygda. Dette utløyste ein massiv etterforskning, der m.a Kripos var involvert gjennom fleire år.[1]

Arbeidet til politiet gjekk ut på å kartleggja alle identitetar og køyretøy i Geiranger drapsdagen. Alle namnelister frå hotell og campingplassar vart samla inn, og alle som hadde brukt kredittkort eller vorte observert vart lagd inn i databasane til politiet. Problemet til politiet var at mange av turistane som vitjar Geiranger kunne koma og forsvinna utan å leggja igjen spor som kunne knytast til identiteten deira.[2]

Saka var spesielt vanskeleg for politiet ettersom Geiranger normalt ikkje har meir enn 270 fastbuande, medan det i turistsesongen kan vera fleire tusen innom den vesle bygda kvar dag. 3100 vitne frå 37 land er avhøyrde. Så langt er ingen sikta for drapet. Ein tysktalende mann er framleis etterlyst i saka, og politiet har forklart at denne mannen kan vera gjerningsmannen.[3]

Det spesielle med denne saka er interessa frå mange klarsynte personar.[4] Politiet i Møre og Romsdal tok opp att den aktive etterforskninga av drapet på Trude Espås 1. september 2016.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Gir ikke opp Espås-saken», BT.no, 12. januar 2001 
  2. Espås-drapet kan forbli uoppklart]. Nettavisen.no, publisert 28.5.2006.
  3. Ingen løsning i Espås-saken]. VG.no Publisert 31.01.1999.
  4. «35 nye tips i Espås-saken», VG.no, 21.10.2002 
  5. Trym Mogen (1. september 2016), «Intensiverer etterforskningen av drapet på Trude Espås», Dagbladet.no