Espírito Santo
| Espírito Santo | |||
| delstat | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Vitória | ||
| Areal | 46 077,5 km² | ||
| Folketal | 3 885 049 (2014)[1] | ||
![]() Espírito Santo 20°15′S 40°15′W / 20.25°S 40.25°W | |||
| Wikimedia Commons: Espírito Santo | |||
Espírito Santo er ein delstat i Brasil. Han grensar mot delstatane Bahia, Minas Gerais og Rio de Janeiro. Delstadshovudstaden er Vitória.


Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei opphavlege folkegruppene i Espírito Santo var tupiniquim-, temininó-, aymoré, purí- og botocudofolk. Dei fleste av desse blei etterkvart absorberte i den brasilianske blandingskulturen.
Europeisk busetjing i området byrja 23. mai 1535 då Vasco Fernandes Coutinho steig i land her med portugisiske kolonistar. Dette var oktaven etter pinse, og området fekk namnet «Espírito Santo» etter den heilage anden. Coutinho grunnla kystbyan Vila Velha, som i dag er den største byen i delstaten, og Vitória, som no er hovudstaden. Vitória fekk namnet sitt ('siger') etter sigrar mot urfolket som kjempa mot kolonistane.
Distriktet Espírito Santo blei ein provins i 1821 og ein delstat i 1889, då Brasil blei ein republikk. Delstaten fekk si noverande utforming i 1963, då grensa mot Minas Gerais blei fastlagd.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Busetjinga i delstaten er størst langs kysten. Opphavleg dyrka ein sukkerrøyr her. Først på 1800-talet byrja ein å omdanna innlandet med kaffidyrking. Frå 1900-talet dyrka ein også kakao. Delstaten har stor papirproduksjon. I nyare tid har ein også byrja produksjon av jern, stål, granitt og tropisk frukt her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Historia e tradição»[daud lenkje], ved vitoria-es-brasil.com
- Estados Brasileiros - E S P Í R I T O S A N T O, portalbrasil.net
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Brasil å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |

