Espen Andersen (1961)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Espen Andersen (1961)
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1961 (62 år)
Oslo
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1984

Espen Andersen (fødd 12. juli 1961) er ein norsk tidlegare kombinertløpar og skihoppar frå Oslo. Han vann to VM-sølv i kombinert for Noreg i 3 x 10 km lag i høvesvis 1982 og 1985. Mellom 1982 og 1986 sikra han seg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i noregsmeisterskap. Andersen sin einaste siger i verdscupen kom i Holmenkollen i 1984.

Kombinertløparen Geir Andersen er ein yngre bror.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Espen Andersen utmerka seg fyrste gongen då han i Lahti i 1981 vart nummer sju i kombinertøvinga, og nest beste nordmann. Året etter var han nær ved å verte norsk meister i kombinert, han fylgde Tom Sandberg så å seie til målstreken. Ein annan sterk individuell prestasjon gjorde han då han i Lahti kom på tredjeplass i kombinert, 10,2 sekund bak vinnaren Rauno Miettinen frå Finland. Høgdepunktet for sesongen var likevel ski-VM på heimebane i Oslo, der Andersen gjekk fyrsteetappen på Noregs tremannslag som fekk sølv. Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg gjekk dei andre etappane.

I 1983-sesongen spurtslo han Günther Schmieder frå Aust-Tyskland i Falun og vart vinnar av kombinert i Svenska skidspelen. OL-året 1984 vann Andersen kombinert i Holmenkollrenna framom tre landsmenn, nærast kom den ferske olympiameisteren Tom Sandberg. Under VM på ski i Seefeld i 1985 sikra Espen Andersen seg eit nytt VM-sølv i lagtevlinga, den gongen saman med broren Geir og med Hallstein Bøgseth. Espen Andersens beste individuelle plassering i internasjonale meisterskapstevlingar var ein 13. plass under Ski-VM 1987.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]