Espen Andersen (1993)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Espen Andersen

FIS Worldcup Nordic Combined Ramsau 20161217 DSC 7368.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. oktober 1993 (28 år)
Bærum
Idrett kombinert

Espen Andersen (fødd 28. oktober 1993) er ein norsk kombinertrennar, medlem i Lommedalens IL. Han vart olympisk meister med Noreg i lagtevlinga under Vinter-OL 2022. Tidlegare har han vunne sølv i same øvinga ved Vinter-OL 2018 og sølv i tomannsstafett i Ski-VM 2021.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andersen fekk sin verdscupdebut i Holmenkollen i mars 2013. Han vart individuell noregsmeister då Ski-NM 2016 vart avvikla i Molde. Under Ski-VM 2017 vart han nummer 10 og beste nordmann i tevlinga med hopp i storbakke. Saman med Jan Schmid, Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak sikra han norsk sølvmedalje i lagtevlinga ved dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang i 2018. I Ski-VM 2021 i Oberstdorf fekk Andersen ikkje plass i det norske mannskapet i lagtevlinga, derimot tok han og Jarl Magnus Riiber sølvmedaljen i tomannstafetten. Under Vinter-OL 2022 i Zhangjiakou gjekk han han den andre etappen då Noregs lag vart suveren vinnar av lagtevlinga, dei andre på laget var Espen Bjørnstad, Jens Oftebro og Jørgen Graabak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]