Espen Bredesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Espen Bredesen
Espen Bredesen (cropped).JPG
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1968
Oslo
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Espen Bredesen (fødd 2. februar 1968) er ein norsk, tidlegare skihoppar som var medlem av Oppsal Idrettslag, samt treningsgruppa Kollenhopp. I Ski-VM i Falun i 1993 vann Bredesen gull i storbakken og i laghoppinga. Sesongen 1993/94 vart han olympisk meister i normalbakken under OLLillehammer, der han også fekk sølvmedaljen i storbakken. Same sesongen vann han verdscupen i skihopping, samt den tysk-austerrikske hoppveka og tok sølvmedaljen i VM i skiflyging. Mellom 1991 og 1998 vart han noregsmeister ni gongar, og vann elles ein NM-sølv og ein NM-bronse. Bredesen forbetra verdsrekorden i skihopping to gongar, til 209 meter i 1994 og 210 m i 1997.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bredesen debuterte i verdscupen i 1989/90-sesongen, men var langt unna verdseliten den sesongen. Han fekk sitt nasjonale gjennombrot i 1991, då han vann begge NM-tevlingane i skihopping. Internasjonalt nærma han seg verdseliten og vart ved to høve nummer 10 i verdscupen. I sin fyrste verdsmeisterskap, Val di Fiemme 1991, var han med på det norske laget som kom på fjerdeplass i laghopp, individuelt vart han nummer 16 i storbakken og mislukkast totalt i normalbakken. Året etter deltok Bredesen i begge bakkane under vinter-OL i Albertville og vart nummer 58 og heilt sist i normalbakken, før han fullenda fiaskoen med ein 57. plass i storbakken.

1993-sesongen baud derimot på det store gjennombrotet for Bredesen, eit gjennombrot som kom midtvegs i sesongen. Under ski-VM i Falun opna han hopptevlingane med å sikre norsk gullmedalje i laghoppinga. To dagar seinare, 21. februar 1993, kleiv han heilt til topps på sigerspallen etter rennet i storbakken, seinare vart han berre nummer 19 i normalbakken. I byrjinga av mars månad steig han på pallen i verdscupen for fyrste gong, etter å ha vorte nummer tre i Lahti. Få dagar seinare, 11. mars, vann han på Lillehammer sitt fyrste verdscuprenn, før han så også vann dei to attståande renna i verdscupen 1993.

Bredesen starta OL-sesongen 1994 med å vinne opningsrennet i normalbakken i Planica. Sidan i sesongen vann han ytterlegare tre renn, og stod på pallen i alt tolv gongar. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka og fekk sølvmedaljen i skiflygings-VM, bakom Jaroslav Sakala frå Tsjekkia. Bredesen tok deretter sølvmedaljen i storbakken under vinterleikane på Lillehammer. I normalbakken hoppa han seg til OL-gull på suverent vis, med 282 poeng slo han sølvvinnaren Lasse Ottesen med 14 poeng og bronsevinnaren Dieter Thoma med over 20 poeng. Han gjekk til topps i kampen om FIS-pokalen i skihopping.

Bredesen vann eitt renn i verdscupen 1995, då han toppa resultatlista i Falun. Dette vart han siste siger i verdscupen, siste pallplassen tok han 1. desember 1996, då han vart nummer to, 0,4 poeng bak landsmannen Kristian Brenden.

I verdsmeisterskapane 1995 og 1997 nådde Bredesen ikkje opp, ein 17. plass i Thunder Bay og ein 15. plass i Trondheim var toppresultata. Betre gjekk det i VM i skiflyging 1996, der han hamna på sjuandeplass. Bredesen vart teken ut til vinter-OL 1998 i Nagano, der han var norsk flaggberar. I olympiaden fekk han plass på det norske laget som deltok i normalbakken, og vart nummer 36 i sitt siste internasjonale meisterskaprenn.

Bredesen la bort konkurranseskia i 2000.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 26 i Zakopane
  • 1990/91: Nr 10 i Sapporo og i Innsbruck
  • 1991/92: Nr 8 i Sapporo
  • 1993: Tre sigrar (Lillehammer, Oslo, Planica) og ein tredjeplass i verdscupen
  • 1994: Fire sigrar (Planica, Garmisch-Partenkirchen, Bischofshofen, Liberec), seks andreplassar og to tredjeplassar i verdscupen
  • 1995: Vinnar i Falun
  • 1996: To andreplassar og ein tredjeplass
  • 1996/97: Nr 2 i storbakken på Lillehammer
  • 1998: Nr 11 i skiflygingsbakken i Oberstdorf
  • 1999: Nr 30 i Willingen
  • 1999/2000: Nr 30 i Zakopane

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 9 i storbakken i Meldal
  • 1991: Gullmedalje både i normalbakken på Rognan og i storbakken i Bærum
  • 1992: Gullmedalje i normalbakken i Molde
  • 1993: Gullmedalje både i normalbakken på Lillehammer og i storbakken på Odnes
  • 1994: Gullmedalje i storbakken på Rena
  • 1995: Bronsemedalje i normalbakken i Rælingen
  • 1996: Gullmedalje i storbakken i Meldal
  • 1997: Gullmedalje i normalbakken i Mo i Rana og sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 1998: Gullmedalje i normalbakken i Trondheim
  • 1999: Nr 4 i normalbakken på Raufoss
  • 2000: Nr 10 i normalbakken på Vang

Bredesen vart i 1993 tildelt Morgenbladets gullmedalje og i 1994 Holmenkollmedaljen, den sistnemnde saman med Ljubov Jegorova og Vladimir Smirnov.

Han er i seinare år engasjert av NRK som ekspertkommentator i skihopping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]