Esperanza-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esperanza-basen
stasjon
Esperanza-basen, Hope Bay, i 2012
Land  Antarktis
Stad Hope BayTrinityhalvøyaDen antarktiske halvøya
 - høgd 25 moh.
 - koordinatar 63°24′S 56°59′W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Esperanza-basen
63°23′49″ S 56°59′53″ W
Esperanza-basen is located in Antarktis
Esperanza-basen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Esperanza Station

Esperanza-basen (spansk Base Esperanza) er ein argentinsk forskingsbase i Hope BayTrinityhalvøyaDen antarktiske halvøya. Han er den einaste av berre to sivile busetnader i Antarktis; den andre er den chilenske Villa Las Estrellas.

Basen vart bygd i 1952[1][2] og husar 55 personar om vinteren, inkludert 10 familiar og to lærarar. Skulen #38 «Julio Argentino Roca» vart skipa i 1978 og fekk usjølvstendig status i 1997. LRA 36 Radio Nacional Arcángel San Gabriel er ein radiostasjon som starta å sende i 1979.

Middeltemperaturen er -5,5 ºC og varierer gjennom året frå -10,8 ºC om vinteren til 0,2 ºC om sommaren. Sidan ein middeltemperaturen ein av månadane så vidt er over frysepunktet vert klimaet klassifisert som arktisk tundraklima i Köppen-systemet. Temperaturtrenden sidan 1948 er +0,0315 °C/år, +0,0413 °C/år om vinteren og +0,0300 °C/år om sommaren.

Dei 42 bygningane på stasjonen har eit samla areal på 3744 kvadratmeter[3], 18 000 liter med brenser vert nytta kvart år i fire generatorar som produserer straum for stasjonen. Det vert forska innan glasiologi, seismologi, oseanografi, kystøkologi, biologi, geologi og limnologi.

Esperanza-basen er noko kjend fordi han er fødestaden til Emilio Marcos Palma, den første personen som vart fødd i Antarktis. Basen har turistfasilitetar og vert vitja av kring 1100 turistar årleg.

Ein vindturbin vart sett opp i 2008.video

Vêrdata for Esperanza
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 14,8 13,7 12,6 13,7 14 12,8 10,9 13 10,5 17 10,3 14,6 17
Gjennomsnittleg maks °C 3,1 2,6 −0,4 −3,4 −5,6 −6,6 −6,4 −6,2 −2,7 0,3 1,3 3,2 −1,7
Døgnmiddeltemperatur °C 0,5 −0,5 −3,1 −7,3 −9,6 −10,9 −10,8 −10,5 −7 −3,6 −1,7 0,4 −5,3
Gjennomsnittleg min °C −1,8 −2,9 −6,4 −11,1 −13,4 −15,1 −15 −14,7 −11,1 −7,4 −4,6 −2,1 −8,8
Lågast målte °C −6,9 −12 −20,9 −26 −29,6 −30 −32,3 −31 −27 −23 −17,8 −8,9 −32,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 56,2 65 75,5 59,1 54,4 47,4 54,1 72,1 62,2 56,4 65 59 726,4
Kjelde: Servicio Meteorologico Nacional,[4] NOAA[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. official site
  2. ESPERANZA at marambio.aq
  3. Google Earth satelitt images
  4. «B. Espernza Statistical Data (1981-1990)» (på spansk). National Meteorological Service of Argentina. Henta 8. mars 2014. 
  5. «Base Esperanza Climate Normals 1961-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 8. mars 2014. 
  • Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, p. 156-157.
  • Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, p. 73.
  • Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 302-304.
  • Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), p. 469.
  • U.S. National Science Foundation, Geographic Names of Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]