Espírito Santo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Espírito Santo
delstat
Flagg
våpen
Land  Brasil
Del av Sudeste
Hovudstad Vitória
Areal 48 184 km²
Folketal 3 408 365  (2005)
Kart
Espírito Santo
19°41′00″S 40°28′00″W / 19.683333333333°S 40.466666666667°W / -19.683333333333; -40.466666666667
Wikimedia Commons: Espírito Santo
Nettstad: http://www.es.gov.br/

Espírito Santo er ein delstat i Brasil. Han grensar mot delstatane Bahia, Minas Gerais og Rio de Janeiro. Delstadshovudstaden er Vitória.

Canaãdalen i Espírito Santo.
Terceira-brua mellom Vila Velha og Vitória.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei opphavlege folkegruppene i Espírito Santo var tupiniquim-, temininó-, aymoré, purí- og botocudofolk. Dei fleste av desse blei etterkvart absorberte i den brasilianske blandingskulturen.

Europeisk busetjing i området byrja 23. mai 1535 då Vasco Fernandes Coutinho steig i land her med portugisiske kolonistar. Dette var oktaven etter pinse, og området fekk namnet «Espírito Santo» etter den heilage anden. Coutinho grunnla kystbyan Vila Velha, som i dag er den største byen i delstaten, og Vitória, som no er hovudstaden. Vitória fekk namnet sitt ('siger') etter sigrar mot urfolket som kjempa mot kolonistane.

Distriktet Espírito Santo blei ein provins i 1821 og ein delstat i 1889, då Brasil blei ein republikk. Delstaten fekk si noverande utforming i 1963, då grensa mot Minas Gerais blei fastlagd.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Busetjinga i delstaten er størst langs kysten. Opphavleg dyrka ein sukkerrøyr her. Først på 1800-talet byrja ein å omdanna innlandet med kaffidyrking. Frå 1900-talet dyrka ein også kakao. Delstaten har stor papirproduksjon. I nyare tid har ein også byrja produksjon av jern, stål, granitt og tropisk frukt her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Espírito Santo
Spire Denne geografiartikkelen som har med Brasil å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.