Essensielle lækjemiddel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
WHOs liste over Essensielle lækjemiddel

Essensielle lækjemiddel er dei lækjemidla som Verdas helseorganisasjon (VHO) ser på som dei viktigaste og mest effektive lækjemidla for behandling av verdas vanlegaste og viktigaste sjukdomar. VHO har laga ei liste over desse mest grunnleggjande medisinane. Lista vart fyrste gong utgjeven i 1977 og famna då om 208 ulike lækjemiddel. Den noverande utgåva er den 13. i rekkja og har blitt utvida til 316 ulike medikament. Lista blir oppdatert kvart andre år av ein ekspertkomite for val og bruk av essensielle lækjemiddel.

Føremålet med lista er å gje råd om kva som er dei mest behandlingseffektive, kostnadseffektive og brukande medikamenta for behandling av verdas sjuke. Lista skal gjera at essensielle lækjemiddel vert billegare, lettare tilgjengeleg, betre merka (datomerka), og at det skal verta lettare å få kunnskap om bruken av medisinane som dermed også blir brukt rettare.

Lista er inndelt etter bruksområde og inneheld ikkje berre namn på medikamenta, men også bruksrettleiing.

Det blir estimert at framleis 1/3 av verdas befolkning ikkje har tilgang på dei essensielle lækjemidla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • who.int - WHO si avdeling for lækjemiddel, lista er å finna her