Estcoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Estcoy var eit estisk kompani som mellombels tok over kompani B i Norbatt i perioden desember 1996 til mai 1997. Årsaka var personellmangel i den norske FN-styrken i Libanon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Noreg hadde frå starten i 1994 vore med i det såkalla Baltbat-prosjektet (Baltic Peacekeeping Battalion). Dette var eit samarbeid mellom fleire vestlege land og dei tre baltiske statane om etableringa av ein fellesbaltisk fredstryggjande bataljon. Noreg hadde hatt eit særleg ansvar for opplæringa av det estiske kompaniet, Estcoy, og for sanitetsfunksjonen generelt. Hausten 1996 trena Estcoy i Noreg.

Baltbat[endre | endre wikiteksten]

I tillegg hadde støttelanda, saman med dei baltiske landa, avgjort at Baltbat skulle oppgraderast til ein infanteribataljon med fredsopprettande kapasitet. Denne oppgraderinga skulle gå inn som ein del av verksemda i 1998. Dette innebar at bataljonen måtte få meir opplæring, trening og materiell. Noreg ville i denne fasen, saman med Danmark, mellom anna bidra med opplæring knytt til bombekastareininga i bataljonen. Noreg gav også ti bombekastarar, samt anna relevant utstyr til denne eininga. Noreg hadde tidlegare bidrege med eit større tal nærpanservernvåpen, M72, i samband med etableringa av Baltbat som fredstryggjande bataljon. Sidan 1995 hadde Noreg bidrege med totalt 44,2 millionar NOK til Baltbat, inkludert verdien av materielldonasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]