Esteban Paredes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esteban Paredes
Personleg informasjon
Fullt namn Esteban Efraín Paredes Quintanilla
Fødd 1. august 1980
Fødestad Santiago
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Colo-Colo
Nummer 7
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-03
2002
2004
2004-05
2005-09
2007
2009-
Santiago Morning
Puerto Montt (lån)
U. de Concepción
Mexico Pachuco Juniors
Santiago Morning
Cobreloa (lån)
Colo-Colo
28 (2)
18 (9)
14 (5)
17 (5)
77 (48)
25 (8)
30 (17)
Landslag
2006- Chile 14 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Esteban Efraín Paredes Quintanilla (fødd 1. august 1980 i Santiago) er ein chilensk fotballspelar som har spela for Colo-Colo i den chilenske fotballigaen, og for det chilenske landslaget. Han vart toppskårar i den chilenske ligaen i apertura-sesongen i 2009, då han spelte for Santiago Morning. Han debuterte for Chile sitt A-landslag i 2006 då han spelte to kampar, mot Colombia og Peru. Det tok tre år før han fekk den tredje landskampen sin, i 2009. Han var med i Chile sin tropp til fotball-VM i 2010.