Hopp til innhald

Estela 1 de La Mojarra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Mojarra Stele 1.

Estela 1 de La Mojarra er ein mesoamerikansk utskoren stein (stele) frå det andre hundreåret. Stelen vart oppdaga i 1986 ved Aculaelva nær den arkeologiske funnstaden La Mojarra i delstaten Veracruz i Mexico, ikkje langt frå den arkeologiske funnstaden Tres Zapotes. Monumentet er av basalt, som er ein magmatisk bergart av vulkansk opphav, veg fire tonn, og er kring 1,4 meter breitt og 2,0 meter høgt.

Steinen inneheld 535 hieroglyfar i isthmisk skrift. Dette er eit skriftsystem som var i bruk ved Isthmus av Tehuantepec frå år 500 f.Kr. til 500 e.Kr. [treng kjelde]

På høgre side av steinen er det skore ut ein mann med ein stor hovudpryd. På kroppen viser det seg ei drakt. Over figuren er det 12 kolonnar med glyfar. Blant desse glyfane er det to mesoamerikanske langtidskalenderdatoar som svarer til mai 143 e.Kr og juli 156 e.Kr. Monumentet er eit døme på den typen stelar som seinare vart eit felles minne om kongane frå mayaområda i klassisk tid. Estela 1 de La Mojarra er oppbevart på Museo de Antropología i Xalapa de Enríquez i den meksikanske delstaten Veracruz.[treng kjelde]

Tolkninga av hieroglyfskrifta på stelen har vore omstridd.[treng kjelde]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Guernsey, Julia (2007). Ritual and Power in Stone: The Performance of Rulership in Mesoamerican Izapan Style Art. University of Texas Press, Austin, Texas, 19. mars 2007. ISBN 978-0-292-71323-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]