Hopp til innhald

Estelle Nze Minko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estelle Nze Minko


StatsborgarskapFrankrike
Fødd11. august 1991 (35 år)
Saint-Sébastien-sur-Loire
Idretthandball
Tok del i Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2017 for kvinner, Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM 2014 for kvinner, Ungdoms-VM i håndball for kvinner, Q1274881, Q22247886, Q16024570, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under sommar-OL 2020 – Kvinner
Utmerkingar ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ridder av Æreslegionen

Estelle Nze Minko (fødd 11. august 1991) er ein fransk handballspelar som vart verdsmeister med Frankrike sitt landslag i 2017 og 2023, europameister i 2018 og olympisk meister i 2021.[1][2][3]

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Nze Minko debuterte for det franske landslaget 24. oktober 2013. Ho har sidan 2014 delteke i elleve internasjonale meisterskaps-turneringar i rad. Sommaren 2016 var ho med på å vinne OL-sølv i Rio de Janeiro, i desember same året vann ho bronse under europameisterskapen i Sverige. Året etter var Nze Minko med då Frankrike vann over Noreg i finalen i Handball-VM 2017, sameleis då Frankrike vann over Romania i EM-finalen 2018 på fransk heimegrunn. Med 38 nettkjenningar var ho lagets flittigaste målskårar i turneringa. I desember 2020 vart ho kåra til den beste spelaren i EM-turneringa i Danmark, trass i at Frankrike tapte finalen mot Noreg.[4] Sommaren 2021 vann ho i Tokyo olympisk gullmedalje for Frankrike då Russland vart slått med fem mål. Derimot enda VM-finalen 2021 mot Noreg med fransk kollaps og sjumålstap. I den neste VM-finalen, i danske Herning i 2023, revansjerte Nze Minko og dei franske kvinnene seg med å slå Noreg 31–28. Ho blei tatt ut på all-starlaget som beste venstre bakspelar i verdsmeisterskapen.[5]

Frå 2009 til -16 spelte Nze Minko for fem ulike lag i heimlandet. Sommaren 2016 skreiv ho kontrakt med det ungarske topplaget Siófok KC. Med Siófok vann ho EHF-cupvinnarcupen 2019. Ho flytta straks etter over til rivalen Győri ETO. Med Győri ETO vann ho den ungarske cupen i 2021 og den ungarske seriemeisterskapen i 2022 og 2023.

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM-gull: 2017 og 2023 med Frankrike
  • EM-gull: 2018 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2021 med Frankrike
  • EM-sølv: 2020 med Frankrike
  • EM-bronse: 2016 med Frankrike
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 2019 med Siofok
  • Ungarsk seriemeister: 2022, 2023 med Győri ETO
  • Ungarsk cupmeister: 2021 med Győri ETO
  1. ↑ «Profile». eurohandball.com. Henta 7. desember 2014.
  2. ↑ «2014 European Championship Roster» (PDF). EHF. Henta 7. desember 2014.
  3. ↑ Estelle Nze Minko. nbcolympics.com
  4. ↑ «EHF EURO 2020 All-star Team unveiled». EHF. 20. desember 2020. Arkivert frå originalen 2020-12-20. Henta 2020-12-20. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ «2023 IHF Women's World Championship: All-Star Team Revealed». IHF (på engelsk). 2023-12-17.

Bakgrunnstoff

[endre | endre wikiteksten]