Ester Fjellheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ester Fjellheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. desember 1939 (84 år)
Yrke politikar
Politisk parti Samefolkets fellesliste

Ester Marie Fjellheim (fødd 4. desember 1939 i Brekkebygd i Røros kommune) var representant for Samefolkets Fellesliste i Sametinget for perioden 1989-1993.

Fjellheim tok artium i Tromsø i 1974, og medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Tromsø i 1981. Ho har arbeidd som lege og spesialist i allmennmedisin.

På 1960- og 1970-talet hadde ho tillitsverv i Tromsø Sameforening. I 1980 deltok ho i utvekslingsprogrammet for indianske og samiske studentar, og vitja Montana i USA. I åra 1981 til 1984 var ho medlem av styret for Samisk vidaregåande skule, dei siste para åra som leiar. Ho sat i fagrådet for MBD-barn i Troms fylke frå 1989.

I Sametinget var ho leiar for fullmaktskomiteen, nestleiar i tinget sitt møteleiarskap og nestleiar i hovudkomiteen for sosial- og helsespørsmål. Ho sat òg i hovudkomiteen for kultursaker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Odd Mathis Hætta: Sametinget i navn og tall : Høsten 1989 - høsten 1993

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]