Esterelfjella
Utsjånad
| Esterelfjella | |||
| fjellkjede | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Esterelfjella 43°30′00″N 6°49′00″E / 43.5°N 6.8166666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Massif de l'Esterel | |||
Esterelfjella er ei fjellkjede søraust i Frankrike i departementa Var og Alpes-Maritimes i Provence ved kysten av Middelhavet. Dei næraste byane er Mandelieu og Cannes (i aust) og Saint-Raphaël/Fréjus (i vest).
Jordsmonnet og bergarten i fjellet har vulkansk opphav, og består hovudsakleg av porfyr, som gjev klippene ein raudaktig farge. Terrenget er kupert med djupe kløfter og skogar av eik. Det høgaste punktet i massivet er Mont Vinaigre på 618 meter.
Massivet dekkjer eit areal på 320 km², der 130 km² offisielt er verna under Forêt domaniale de l'estérel. Naturreservatet har mange turstiar for både sykkel og fotturistar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- The Esterel Massif
- Dei raude klippene i Esterel
- Calanque d'Anthéor
- Anthéor
- Cap l'Esterel
- Gorges du Blavet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Massif de l'Esterel» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biletgalleri Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
