Estergebirge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hohe Fricken

Estergebirge er ei lita fjellkjede i Bayern i Tyskland. Ho vert anten rekna som ein del av Dei bayerske Alpane eller som ei større kjede i Dei nordlege kalksteinsalpane. Kjeda er om lag 15 km lang og grensar til elvedalen til Loisach i vest, og i aust til innsjøen Walchensee og elva Isar. Den høgaste toppen er Krottenkopf på 2 086 meter og er ein del av kjeda som akkurat når over 2 000 meter.

Av fjelli Estergebirge finn ein Krottenkopf (2 086 m), Bischof (2 033 m), Hohe Kisten (1 922 m), Hohe Fricken (1 940 m). Eit par kilometer unna ligg Simetsberg (1 836 m).

Bergarten i fjellkjeda er kalkstein og tregrensa går på om lag 1 700 meter.

Sidan berre fjellet Wank (1 779 m) har kabelvogn som går til toppen, og mange turistar og fjellklatrarar føretrekk dei nærliggande fjellkjedene Wetterstein, Karwendel og det høgaste fjellet i Tyskland, Zugspitze, er Estergebirge ein relativt roleg stad med unntak av Wank.

Estergebirge sett frå søraust

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kompass (2005) Wettersteingebirge Zugspitzgebiet 1:50000. Kompass-Wanderkarten, ISBN 3-85491-007-X (map)


Koordinatar: 47°31′N 11°11′E