Esther Brand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Esther Brand
Esther Brand 1952.jpg
Fødd 29. september 1922
Springbok
Død

20. juni 2015
Bloemfontein

Yrke friidrettsutøvar
Esther Brand på Commons

Esther Cornelia Brand (29. september 192220. juni 2015), fødd van Heerden, var ein sørafrikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i høgdehopp i 1952.

Esther van Heerden, som var fødd i Springbok i Northern Cape-provinsen, hoppa den 29. mars 1941 1,66 meter i Stellenbosch. 35 år seinare vart prestasjonen offisielt godkjend som verdsrekord. Rekorden på 1,70 meter som Dora Ratjen hadde sett allereie i 1938 vart då stroken frå rekordlistene, ettersom Ratjen i 1939 hadde vorte kjønnsbestemt til å vere mann.

Under dei olympiske leikane 1952 i Helsinki deltok Brand i diskoskasting og høgdehopp. I diskostevlinga klarte ho ikkje å kvalifisere seg til finalen. Derimot lukkast ho å vinne høgdehopp då ho i tredje forsøk på 1,67 meter tok seg over lista, som den einaste utøvaren.

Ho døydde i Bloemfontein i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]