Estisk fonologi
Estisk fonologi er lydsystemet eller fonologien i estisk.
Segmental fonologi
[endre | endre wikiteksten]Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Estisk har ni vokalar:
Fremre Bakre i ü u e ö õ o ä a
Vokalsystemet er det same som t.d. finsk eller tysk, men i tillegg har estisk ein bakre, urunda vokal õ (med tungestillinga til o og leppestillinga til e). Vokalane kan vere lange eller korte, og dei kan danne diftongar.
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Estisk har 17 konsonantfonem, som alle kan vere kort eller lang.
bilabial | labio- dental |
alveolar | alveolar palatalisert |
post- alveolar |
palatal | velar | uvular | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosivar | p | t | tʲ | k | ||||
Nasalar | m | n | nʲ | |||||
Vibrantar | r | |||||||
Frikativar | f v | s | sʲ | ʃ | h | |||
Approksimantar | j | |||||||
Laterale | l | lʲ |
Kjelde: SAMPA for estisk
Konsonantane n, t, s, l har palataliserte versjonar. Dei palataliserte konsonantane opptrer framfor i eller j, evt. der det har stått i eller j tidlegare. Eit døme er palk 'bjelke' (finsk palkki) vs. palk 'lønn' (finsk palkka) med palatalisert l, i-en står i genitivforma palgi .
Fonotaks
[endre | endre wikiteksten]Trykklette stavingar kan innehalde berre korte vokalar, og berre vokalanea, e, i, u og (i namn og lånord) o. Vokalane ä, ö, ü opptrer ikkje i trykklette stavingar, og estisk har, til skilnad frå finsk, ikkje vokalharmoni (jf. estisk/finsk häda/hätä «naud», söövad/syövät «dei et», töötu/työtön «arbeidslaus»). (det finst vokalharmoni i sørestisk).
Kvantitet
[endre | endre wikiteksten]Kvantitetssystemet er meir komplisert enn i finsk; I staden for eit system med korte og lange lydar er det her mogleg å identifisere tre lengdegradar. Dei lange lydane (eller stavingane) kan vere halvlange eller overlange. Overlang staving kan historisk sett bli sett på som kompensatorisk forlenging, slike stavingar opptrer ofte i tilfelle der stavingstalet i ordet er redusert. Overlengd blir ikkje markert i ortografien (bortsett frå lukkelydar, der halvlang blir skrive med einskild konsonant og overlang med dobbel), i språkvitskaplege framstillingar blir det ofte brukt grav aksent (`). Ordet metsa, som er genitiv av mets («skog») blir uttalt kortare enn illativforma metsa (`metsa) «inn i skogen», illativforma var opphavleg trestava *metsähän.
Skilnadene mellom estisk og finsk fonologi er systematiske; finsk representerer som regel eit eldre språksteg, mens i estisk har trykklette vokalar eller heile stavingar falle bort, jf. estisk-finske par som mets metsä («skog»), terav terävä («kvass»), tütred tyttäret («døtrer»), laevas laivassa («på båten»).
Stadieveksling
[endre | endre wikiteksten]Estisk har, på same måten som dei fleste samiske og austersjøfinske språk, stadieveksling. Stadieveksling oppfører seg i prinsipp på same måten i alle desse språka, og opptrer i grove trekk i dei same delane av grammatikken i alle språka.
Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå estisk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |
Trykk
[endre | endre wikiteksten]Trykket i estisk fell på første stavinga. Til skilnad frå finsk er denne regelen ikkje absolutt: I visse lånord fell trykket på stavingar lenger ut i ordet.