Estisk språkforsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Estisk språkforsking, eller studiet av estisk, har ei 350-årig historie attom seg.

Tidleg estisk språkforsking[endre | endre wikiteksten]

Estisk språkforsking starta på 1600-talet, då estofile baltisktyskarar fekk interesse for folkemålet. Den første estiske grammatikken, skriven av Heinrich Stahl, kom ut i 1637. I 1648 kom Johann Gutslaffs grammatikk over sørestisk.

Det første lektoratet i estisk språk kom i 1803, til det tyskspråklege Universitet i Tartu. Den første lektoren var Friedrich David Lenz. Utover på 1800-talet byrja dei første estarane å ta del i estisk språkforsking.

I 1870 fekk den første estaren ei akademisk stilling i estisk språk, då Mihkel Veske vart dosent i fennougristikk og allmenn språkforsking. I 1871 vart det normative Eesti Kirjameeste Selts (estiske bokmannsselskap) stifta.

Estisk språkforsking som del av fennougristikken[endre | endre wikiteksten]

Framveksten av finskugrisk språkforsking i Finland frå og med 1870-talet fekk også konsekvensar for språkforskinga i Estland. Fleire finske språkforskarar, som E.N. Setälä, gjorde feltarbeid både i Estland og blant livarane i Latvia. Det første steget i rekonstrueringa av det uralske urspråket var å rekonstruere ur-austersjøfinsk, og for å få til det måtte språkforskarane også ha kjennskap til estisk.

I 1919, etter sjølvstendet, opna det no estifiserte universitetet i Tartu dei første professorata i estisk og i austersjøfinsk språkhistorie. Professoratet i estisk gjekk til Jaan Jõgever, og professoratet i austersjøfinsk gjekk til ein finne, Lauri Kettunen, som heldt det i seks år, og også seinare, som professor i Helsingfors skreiv om estiske emne.

Estisk språkforsking i Sovjettida[endre | endre wikiteksten]

Den sovjetiske okkupasjonen i 1944 var eit hardt slag for estisk språkforsking. Banda til utanlandsk språkforsking, særleg til Finland, vart gjort langt vanskelegare, og fleire forskarar, som til dømes Johannes Aavik, flykta til Sverige. På den andre sida fekk estarane no, til skilnad frå kollegene i Finland, tilgang til andre finskugriske folk i Sovjetunionen, fleire estarar (som Ago Künnap) forska på finskugriske emne.

Også på ein annan måte skulle estisk og finsk språkforsking skilje seg frå kvarandre. Mens finsk språkforsking avviste både strukturalisme og generativ grammatikk, og (med einskilde unntak) heldt fram med den historiske innfallsvinkelen fram til slutten av 1980-talet, orienterte estarane seg tidleg mot dei nye generativistiske teoriane frå USA. I 1965 vart forskingsgruppa Generatiivse grammatika grupp (GGG), med mellom anna Reet Kasik som medlem.

Også sovjetisk språkvitskap la sterk vekt på syntaks, så estarane si interesse for den syntaksdominerte amerikanske lingvistikken passa også med sovjetiske innrettinga. Som elles i Sovjetunionen var mykje av forskingsverksemda innretta i eigne forskingsinstitutt, her Eesti keele instituut i Tallinn.

Estisk leksikografi heldt, som sovjetisk leksikografi generelt, eit svært høgt nivå. Ülle Viks si morfologiske ordbok over estisk er eit ruvande verk i internasjonal leksikografi.

Etter sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

Interessa for å følgje med i generativ grammatikk dabba av etter at Chomsky gjekk over til minimalismen tidleg på 1990-talet. Det nye sjølvstendet førte også til eit auka fokus på å løyse praktiske problem, og dermed på estisk språkteknologi. Til skilnad frå i Norden, kom dette arbeidet i Estland frå informatikk-miljøa heller enn frå lingvistmiljø. I 2004 vart Eesti Rakenduslingvistika Ühing, Estonian Association for Applied Linguistics, grunnlagt.

Estisk språkforsking i utlandet[endre | endre wikiteksten]

Estisk har vore viktig for finsk-ugrisk språkforsking i Finland heilt sidan starten. Forskarar som Lauri Kettunen, Seppo Suhonen, Pekka Sammallahti, Tapani Lehtinen og Riho Grünthal har alle skrive om estisk, framfor alt frå ein historisk synsvinkel.

Den sovjetiske okkupasjonen førte til mange eksilestarar i Sverige, og dermed også interesse for estisk, særleg ved Stockholm universitet. Den kalde krigen førte til interesse for alle sovjetiske minoritetsspråk i USA, og ved Bloomington University vart det forska på estisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Reet Kasik 1999: "Johdatus viron kielen tutkimukseen". Castrenianumin toimitteita 55. Helsinki: Suomalais-ugrilainen laitos & Suomalais-Ugrilainen Seura 1999. 282 s. ISBN 952-5150-28-3.