Estarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Estlendingar)

Estarar (estisk eestlased, tidlegare maarahvas) er ei folkegruppe som talar estisk, eit av dei austersjøfinske språka som mellom anna omfattar finsk. Dei fleste estarar, oppunder éin million, bur i det baltiske landet Estland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Estland blei folkesett mot slutten av istida, for om lag ti tusen år sidan då den baltiske issjøen smelta. Me kan ikkje vita kva språk dei første innbyggjarane snakka, men for fem tusen år sidan budde talarar av språk som seinare utvikla seg til estisk i området. Estarane er dermed ei av dei europeiske folkegruppene som har vore lengst busett på éin stad.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Unrepresented Nations and peoples organization By Mary Kate Simmons; p141 ISBN 978-90-411-0223-2; Engelsk Wikipedia oppgav Virpi Laitinena et al (2002), Y-Chromosomal Diversity Suggests that Baltic Males Share Common Finno-Ugric-Speaking Forefathers, Human Heredity, pages 68-78, [1]
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Estland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.