Et lite stykke Thailand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Et lite stykke Thailand
Typefjernsynsprogram
Sjangerdokumentar
OpphavslandNoreg
Sesongar2
Episodar14
SpråkNorsk, thai, engelsk
Periode10. januar 2008–
KanalTVNorge

Et lite stykke Thailand er ein norsk dokumentarserie om thailandske kvinner og dei norske familiane deira. Serien fekk prisen for beste dokusåpe under Gullruten 2008.[1]

Handlinga er sentrert rundt Vestnes kommune i Romsdal og gir innsyn i liva til dei thailandske kvinnene og korleis familiane deira lever. Det synest å vere ein aukande trend at norske menn finn seg koner i utlandet, og serien tek tak i mytar og fordommar rundt temaet. Deltakarane ynskjer å bryte ned desse, og vise at positiv integrering er mogleg. Fleire familiar kjem frå Tresfjord noko som har gitt bygda kallenamnet «Thaifjord».[2]

I 2011 blei det laga ein ny sesong av serien. Denne sesongen følgde dei same para som den fyrste sesongen, i tillegg til tre nye par. Sesong 2 blei lansert på Litteraturhuset i Oslo, med inkluderingsministeren Tora Aasland som gjest.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gullrutevinnerne 2008». Rushprint. 13. mai 2008.  Text "url-http://rushprint.no/2008/05/gullrutevinnerne-2008/ " ignored (hjelp);
  2. «Et lite stykke Thailand». Side2.no. 20. januar 2008. Arkivert frå originalen 12. juli 2011. Henta 20. november 2011. 
  3. «Tilbake til "Thaifjord"». rbnett.no. 18. januar 2011. Arkivert frå originalen 21. januar 2011. Henta 20. november 2011.