Södra Finlands län
Utsjånad
(Omdirigert frå Etelä-Suomen lääni)
|
Södra Finlands län (finsk Etelä-Suomen lääni) var eit finsk len som vart danna ved lensreforma i Finland i 1998 og avskaffa ved inngangen til 2010, saman med alle len i Finland. Lenet omfatta landskapa Nyland, Östra Nyland, Tavastland, Päijänne-Tavastland, Kymmenedalen og Södra Karelen. Det grensa til Västra Finlands län og Östra Finlands län. Administrasjonen heldt til i Tavastehus.
Lenet hadde eit folketal på 2 095 416 (2002) og var dermed det folkerikaste i Finland. Det hadde ei flatevidd på 34 378 km² og var dermed også det minste.
Lensvåpenet var sett saman av våpena til Tavastia, Karelia og Nyland.