Eternal Darkness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eternal Darkness: Sanity's Requiem
Utviklar(ar)Silicon Knights
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Denis Dyack
Tatsuya Hishida
Hiroyuki Yamada
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Satoru Iwata
Kenji Miki
Komponist(ar)Steve Henifin
Plattform(er)Nintendo GameCube
UtgjevingNA: 24. juni 2002
JP: 25. oktober 2002
EU: 1. november 2002
SjangerAction-eventyr, skrekk
SpelemodusEinspelar

Eternal Darkness: Sanity's Requiem er eit action-eventyrspel utvikla av Silicon Knights og utgjeve av Nintendo. Spelet var opphavleg planlagt utgjeve til Nintendo 64, men vart overført til GameCube og utgjeve 24. juni 2002 i Nord-Amerika. Det har liknande spelemekanikkar som Resident Evil, men skil seg ut med å bruke ulike effektar som avheng av sinnstilstanden til spelefiguren. I spelet tek spelaren rolla som fleire karakterar medan dei kjempar mot ein mektig entitet som vil slavebinde menneskja.

Eternal Darkness var ikkje ein kommersiell suksess, men fekk god kritikk og vann ei rekkje prisar. Sjølv om ein etterfølgjar vart kansellert av Nintendo, som eig kopirettane, og Silicon Knigts seinare gjekk konkurs og vart oppløyst, har forfattaren og regissøren av spelet, Denis Dyack, prøvd å lage ein spirituell oppfølgjar titulert Shadow of the Eternals.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vil folkefinansiere Eternal Darkness-oppfølger». Gamer.no. 6. mai 2013. Henta 12. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Eternal Darkness