Hopp til innhald

Ethelreda Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ethelreda Lewis

PseudonymR. Hernekin Baptist
StatsborgarskapStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd1875
Derbyshire, Matlock Bath
Død

1. august 1946 (70 år)
Port Alfred

Yrkeskribent, romanforfattar

Ethelreda Lewis (18751. august 1946) var ein sørafrikansk forfattar av engelsk opphav. Ho er kjend for å ha gjeve bøkene om og av Trader Horn eit litterært språk. Lewis nytta også pseudonymet R. Hernekin Baptist.

Ethelreda Lewis var fødd i Derbyshire i England, og kom til Sør-Afrika i 1904.[1] Ho døydde i Port Alfred i Kapp-provinsen i 1946.[1]

Lewis tilhøyrde den «kvite» folkegruppa i Sør-Afrika, men var politisk liberal.[2] Medan det berømte samarbeidet hennar med Trader Horn skildra eit eventyrarliv i det koloniserte Afrika, var hennar eigne verk sterkt kritiske til den imperialistiske utnyttinga av innfødde kvinner.[3]

Den første boka om Trader Horn kom på norsk som Trader Horn : Elfenbenskysten i tidenes morgen : den gamle kremmer Aloysius Horn's egenhendig skrevne erindringer og livshistorie i 1942.[4]

  • The Harp (1925)
  • The Flying Emerald (1926)
  • Harold the Webbed, or the Young Vykings (1928) med Alfred Aloysius Horn
  • Mantis (1929)
  • The Waters of Africa (1929) med Alfred Aloysius Horn
  • Four Handsome Negresses (1931) som R. Hernekin Baptist
  • Wild Deer (1933) som R. Hernekin Baptist
  • A Cargo of Parrots (1937) som R. Hernekin Baptist
  • Love at the Mission (1938) som R. Hernekin Baptist

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]