Hopp til innhald

Etikett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om etikett jamfør merkevare. For skikk og bruk i selskapslivet, sjå etikette.
Etiketten til «Nansen Brand» av Chr. Bjelland & Co sin sardinhermetikk frå 1896 med ein teikning av Fridtjof Nansen. Gamle etikettar frå norske hermetikkboksar, vert ofte kalla iddisar, og er samleobjekt.

Ein etikett, tagg eller merkelapp er eit papir- eller ein pergamentslapp festa til ei vare eller innpakninga hennar, med opplysningar om namnet og innhaldet i vara. Dei engelske orda label, tag og sticker svarar til dette omgrepet.

Ein etikett inneheld opplysningar til kunden om mellom anna varetype, innhald, mengde, kvalitet, haldbarheit, produsent (fabrikat) og pris.[1][2] Etikettar kan vera enkle, handskrivne lappar, men kan også vera små, kunstferdig utførte reklameplakatar trykte på eigne etikett-trykkjeri til bruk på flasker, esker og hermetikk.

Iddis er eit dialektord for etikett, opphavleg frå Stavanger då hermetikkindustrien hadde høgkonjunkturen sin der, frå 1860 til 1960.[3][4] Etikett vart uttala iddikett, og vart så forenkla til iddis, som moglegvis har samanheng med ordet siddis.[3][5]

Norske øletikettar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Reinstein, Univ. Trier, UB, Constanze Decker and Hagen. «Etiquette». Henta 26. desember 2016.
  2. Fredriksen, Jan Ivar. (12. oktober 2020). «etikett». Store norske leksikon (på norsk).
  3. 1 2 «Korleis etikett blir iddis». Stavanger museum.
  4. «Om museet». Norsk hermetikkmuseum. Arkivert frå originalen 26. desember 2016.
  5. «Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 19. mars 2023

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Etikett