Etiologi i medisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein mann dekker til nasa for å unngå innandinga av miasme (dårleg luft). Trua om at «dårleg luft» kunne skape sjukdom var utbreidd i Europa, India og Kina fram til slutten av 1800-talet. Den blei seinare erstatta av mikrobeteorien om sjukdom.

Etiologi er læra om kausalitet eller opphav.

Ordet kjem frå gresk αἰτιολογία aitiologia, «å grunngje noko» (αἰτία aitia «årsak»; og -λογία, -logia «læra om»).[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

I medisin visar etiologi til årsakene til sjukdom eller patologiar.[2] Viss etiologien ikkje kan stadfestast, plar ein å seie at sjukdommen er idiopatisk.[3] Tradisjonelle beretningar om sjukdomsårsak kunne peike mot «det vonde auget». Den romarske vitskapsmannen Marcus Terentius Varro var tidleg ute med idéen om mikroorganismar i boka «Om jordbruk» frå det fyrste århundret f.Kr..[4]

Mellomaldersk tenking var påverka av Galenos og Hippokrates.[5] Europeiske legar i mellomalderen meinte at sjukdommar var eit resultat av dårleg luft.[6]

Ein av dei store etiologiske oppdagingane blei gjort av Robert Koch. Han klarte å vise at tuberkelbasillen Mycobacterium tubercolosis førte til tuberkolose, at Bacillus anthracis førte til miltbrann og at Vibrio cholerae førte til kolera. Tankemåten og prova er skildra i Kochs postulat. Prova for kausalitet ved infeksjonssjukdommar er likevel avgrensa til enkelttilfeller.

I epidemiologien trengst det ei rekkje samsvarande prov for å utleie kausalitet. Sir Austin Bradford Hill viste ein årsakssamanheng mellom røyking og lungekreft, og samanfatta resonnementet i dei epidemiologiske kriteria for kausalitet.

Vidare tenking var naudsynleg for å skille kausalitet frå assosiasjonar eller statistisk samanheng. Samtidige hendingar kan endefram vere eit resultat av tilfeldigheit, bias eller konfundering, i staden for at éi hending skuldast ei annan. Det er òg viktig å vite kva for ei hending som valda noko. Forsiktige prøvetakingar og målingar er viktigare enn sofistikerte statistiske analysar når ein skal avgjere kausalitet (årsakssamanheng). Eksperimentelle prov med intervensjonar (påføring eller fjerning av antatte årsaker) plar å gje dei mest overtydande prova for etiologi.

Etiologi er stundom del av ei lang kjede av årsakssamanhengar. Ein etiologisk agens kan krevje uavhengige kofaktorar, og kan vere underlagt promoterande faktorar før sjukdommen oppstår. Eit døme på dette er magesår som kan kome av stress, som krev nærværet av syresekresjon i magen, og som har sin primære etiologi i infeksjonen av Helicobacter pylori. Mange kroniske sjukdommar av ukjent årsak kan studerast i dette rammeverket for å skildre fleire epidemiologiske assosiasjonar eller risikofaktorar som kan ha delte årsakssamanhengar, og for å finne den faktisk etiologien.

Nokre sjukdommar, som til dømes diabetes og hepatitt, har syndromiske definisjonar i samsvar med sjukdomsteikna og symptoma, men kan inkludere ulike tilstandar med ulike etiologiar. Enkelte etiologiar, som til dømes Epstein-Barr-virus, kan i ulike omgjevnadar produsere ulike sjukdommar som til dømes mononukleose, nasofaryngeal karsinom eller Burkitts lymfom.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Aetiology. Oxford English Dictionary (2nd ed. utg.) (Oxford University Press). 2002. ISBN 0-19-521942-2. 
  2. Greene J (1996). «The three C's of etiology». Wide Smiles. Arkivert frå originalen 30. juni 2007. Henta 20. august 2007.  Skildrar ulike dømer på medisinsk bruk av omgrepet etiologi i forbindelse med leppespalte, og forklarar metodane som blir brukt for å studere årsakssamanhengar.
  3. Meleis, Afaf Ibrahim (June 1981). «The Arab American in the health care system». American Journal of Nursing (PDF) 81 (06): 1180–1183. «While germ theory is not refuted, it does exist side by side with other disease etiologies. The evil eye (al hassad or al ain al Weh- sha) is one causative agent for the Arab.»  |access-date= requires |url= (hjelp)
  4. Varro On Agriculture 1,xii Loeb
  5. Maimonides: an early but accurate view on the treatment of hemorrhoids -- Magrill and Sekaran 83 (979): 352 -- Postgraduate Medical Journal
  6. Case study: the history and ethics clean air (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. april 2020, henta 13. januar 2015