Etnobotanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tre typar felehovud, unge skot av bregnar som menneske tradisjonelt har ete.

Etnobotanikk er studiet av tilhøvet mellom planter og menneske: frå «etno» – studiet av folk og «botanikk» – studiet av plantar. Etnobotanikk er rekna som ei undergrein av etnobiologi. Etnobotanikk tek for seg det komplekse tilhøvet mellom (nytta av) planter og menneskelege kulturar. Fokuset til disiplinen er på korleis plantar har blitt eller blir brukt i menneskelege samfunn og inkluderer plantar ein bruker til bygging, verktøy, valuta, klede, ritual, sosialt liv, musikk og mat i tillegg til medisin. Pågåande studium inkluderer økonomisk botanikk, berekraftig jordbruk og etikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etnobotanikaren Richard Evans Schultes iAmazonas rundt 1940-talet.

Sjølv om termen «etnobotanikk» ikkje blei teken i bruk før i 1895 av den amerikanske botanikeren Harshberger, byrja den historiske aktiviteten innan feltet langt tidlegare. I år 77 utgav den greske kirurgen Dioskorides «de materia medica» som var ein katalog over om lag 600 plantar omkring Middelhavet. Verket inneheld òg informasjon om korleis grekarane brukte plantane, særleg medisinsk bruk. Denne illustrerte urteboka inneheldt informasjon om korleis og kva tid kvar enkelt plante blei sanka, om han var giftig eller ikkje, den faktiske bruken av han og i kva grad han kunne etaste verket inneheldt også oppskrifter. Dioskorides la vekt på det økonomiske potensialet til planter. Dei lærde gjorde bruk av denne urteboka i generasjonar, men det var først etter mellomalderen at feltet blei omfatta med meir inngåande studiar.

I 1542 leia renessansekunstnaren Leonhart Fuchs gjeninnføringa av feltet i vitskapen. Hans De historia stirpium katalogiserte 400 planter som voks i Tyskland og Austerrike.

John Ray (1686–1704) gav den første definisjonen av «art» i sitt Historia plantarum: ein art er ein krins av individ som gjennom reproduksjon gjev opphav til nye individ liknande dei sjølv.

I 1753 skreiv den svenske botanikaren Carl von Linné Species plantarum, som hadde informasjon om om lag 5 900 planter. Linné er kjend for å ha funne opp den biologiske nomenklaturen der alle artar får eit to-ledda namn (slekt etterfølgd av art).

På 1800-talet nådde ein toppen av botanisk utforsking. Alexander von Humboldt samla inn data frå den nye verda, og den berømte kaptein Cook hadde informasjon om planter med seg tilbake frå Sør-Stillehavet. Det blei skipa til ei rekkje store botaniske hagar på denne tida, til dømes Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Edward Palmar samla inn gjenstandar og botaniske prøver frå urfolk i vestlege Nord-Amerika (Great Basin-regionen) og Mexico frå 1860- til 1890-talet.

Då det var samla nok data blei feltet «aboriginsk botanikk» grunnlagt. Aboriginsk botanikk er studiet av alle produkt frå den vegetabilske verda som blir brukte av urfolk til mat, medisinar, klede, ornament osb.

Den første personen som byrja å studera planteverda frå eit etnisk perspektiv var den tyske lega Leopold Glück som arbeidde i Sarajevo på slutten av 1800-talet. Han publiserte arbeid som tok for seg medisinsk bruk av plantar blant folkesetnaden på landsbygda i Bosnia (1896) er rekna som det første moderne etnobotaniske arbeidet.

Andre forskarar analyserte plantebruk frå perspektivet til opphavlege/lokale kulturar tidleg på 1900-talet, t.d. Matilda Coxe Stevenson, Zuni plants (1915); Frank Cushing, Zuni foods (1920); og den samordna innsatsen av Wilfred Robbins, J.P. Harrington og Barbara Freire-Marreco, Tewa pueblo plants (1916).

Moderne etnobotanikk[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 190-talet har det etnobotaniske feltet opplevd ei forskyving frå rådatainnsamling til ei mer omfattande metodologisk og konseptuell reorientering. Dette inneber også starten på akademisk etnobotanikk.

I dag fordrar feltet etnobotanikk eit spekter av ferdigheiter: botanisk trening i å identifisera og preservera planteprøvar; antropologisk trening for å læra seg å forstå dei kulturelle konsepta kring oppfattinga av plantar, men òg ganske enkelt korleis ein skal stilla spørsmål innan ulike kulturar (mellommenneskelege ferdigheiter); lingvistisk opplæring (i det minste tilstrekkeleg til å kunna omsetja dei innfødde namna og forstå innfødd morfologien, syntaks og semantikk). Uttømmande kjennskap til alle desse områda treng ikkje finnast hjå kvar enkelt etnobotanikar – den beste måten å arbeida på er som oftast i grupper.

Norsk etnobotanikk[endre | endre wikiteksten]

Den førande norske etnobotanikaren var professor Ove Arbo Høeg (1898–1993), som med Planter og tradisjon : Floraen i levende tale og tradisjon i Norge 1925-1973 (1974) presenterte eit omfattande standardverk, basert på brei folkeminneinnsamling og biologisk kunne. Ei forkorta utgåve av boka kom ut i 1985 under tittelen Ville vekster til gagn og glede.

Høeg utgav i 1981 Eineren i norsk natur og tradisjon (utvida utgåve i 1996), som vart første bind i Bokserien til Norsk skogmuseum Treslagenes kulturhistorie. Serien omfattar til no bøker om selje, ask, alm, lind og ei bok om hegg og hassel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]