Etsing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Den heilage jomfrua og barn med katt» av Rembrandt 1654. Original etsa koparraderingsplate og trykk
Etsa koparplate. Flatbiting

Etsing er ei form for djuptrykk der motivet blir etsa inn i trykkplata ved hjelp av ei syre. Syra angrip metallet og skapar fordjupingar og ujamnheiter i overflata. Dersom ein etsar smale spor ned i plata, oppstår det fine linjer i det ferdige trykket.

Metoden blir rekna for å ha blitt funne opp av Daniel Hopfer ca. 1470–1536 i Augsburg som eksperimenterte med etsingar og trykk. Han dekorerte rustningar og våpen.

Etsing blir òg brukt til framstilling av trykte elektriske krinsar og halvleiarutstyr.

Etsing som kunstnerisk teknikk[endre | endre wikiteksten]

Ein grafikar kan kontrollera resultatet av ei etsing på fleire måtar. Hovudprinsippet går ut på at metallplata berre er blottlagd der syra skal angripa, resten av plata må vera tildekka av eit syrebestandig materiale. Dette gjeld òg kanten og baksiden. Asfaltlakk, spritlakk eller annan lakk blir vanlegvis brukt til baksida. Sidan slik lakk kan vera litt sprø og vanskeleg å rissa i brukar ein ei meir smidig løysing på biletesida. Ein er hardgrunn og ein er mjukgrunn.

Hardgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dabb og hardgrunn

Metallplata kan til dømes dekkjast av voks som er behandla slik at han blir hard når han er tørr. Denne blir ikkje påverka av syra. Hardgrunnen blir smelta på den oppvarma trykkplata. Ein dabb eller ein valse blir brukt til å fordela hardgrunnen jamt utover. Når plata blir avkjølt vil hardgrunnen (voksen) stivna.

Grafikaren skapar eller rissar motivet ved å skrapa gjennom etsegrunnen, slik at desse delane av metallet blir blottlagde og utsett for den etsande verknaden til syra.

Mjukgrunn[endre | endre wikiteksten]

Grafikarar brukar òg etsegrunn (voks) som er så mjuk at han er kjenslevar for svakt trykk. Mjukgrunnen blir smelta på den oppvarma trykkplata. Ein bruker valse til å fordela mjukgrunnen jamt utover. Når plata blir avkjølt vil hardgrunnen (voksen) stivna.

Kunstnaren kan eksperimentera med ulike typar materiale som kan pressast mot etsegrunnen, som tekstil, fuglefjører og anna. Mjukgrunn er òg kjenslevar for fingeravtrykk. Slik oppstår ulike spor eller avtrykk, og det oppstår nye valørar og teksturar.

Etseprossesen[endre | endre wikiteksten]

Når motivet er ferdig blir metallplata lagt i syrebad. Jo lenger plata ligg i syra, jo djupare og breiare bloir spora, og jo grovare blir linjene i det ferdige trykket.

Ein tek opp plata fr[ syrebadet for kontroll. Ofte tek kunstnaren prøvetrykk for å vurdera resultatet, og då må all etsegrunnen fjernast. Etter prøvetrykking blir det påført ny etsegrunn, og linjer eller skraveringar kan føyast til.

Flatbiting er når dei skraverte linjene i motiv blir «etne opp av syren», slik at dei forsvinn. Kunstnaren kan òg velja å la eit større område av plata etsa fritt, noko som gjev ein litt grumsa effekt i det ferdige biletet.

Kunstnaren kan òg halda fram på plata med andre grafiske teknikkar som akvatint, koldnål eller gravering. Blandingsteknikkar er vanlege. Rembrandt trykte ofte ei rekkje utkast og prøvetrykk før det endelege og signerte trykket var klart.

Trykking[endre | endre wikiteksten]

Etsing - innfarging av trykkplate

Trykking skjer ved at plata blir dekt med trykksverte. I djuptrykk ligg trykksverten i spor eller fordjupninger i plata, og dei høgaste punkta på overflata skal vera fargelause, utan trykksverte.

Ein gnir vekk pverflødig trykksverte ved hjelp av tarlatan, tekstilar eller avispapir. Samstundes vil trykksverten bli «arbeidd inn», ned i alle fordjupningane i plata. Når det meste av trykksverten er gniden av bruker ein ofte berre handbaken til å fjerna det siste tynne laget, der det i trykket skal vera kvitt (utan farge). Dette blir kalla å slå av plata. Jo grundigare trykksverten blir slegen bort, jo kvitare blir dei lysaste partia i biletet.

Motivet trer fram ved at trykkvserten blir liggjande igjen i ujamnheiter, fordjupingar og etsa spor. Fukta, tjukt bøttepapir blir lagt på metallplata og køyrt gjennom ei grafikkpresse under høgt trykk. Papiret blir pressa ned i fordjupningene i plata og syg opp trykksverten. Slik oppstår eit spegelvendt motiv.

Prosessen vil gradvis deformera dei fine ujamnheitene i trykkplata, og ei koparplate vil sjeldan tola meir enn eit par hundre trykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Etsing