Etterretningsbataljonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Etterretningsbataljonen
Ebnlogo.jpg
Land Noreg
Aktiv2002[1]–no
Grein Hæren
Type Bataljon
RolleEtterretning
StorleikHemmeleg
Del av Brigade Nord
Garnison/HKSetermoen
MottoOrdo ab chao (latin for: Orden or kaos)
KallenamnEBN

Etterretningsbataljonen (EBN) er etterretningsavdelinga til Brigade Nord. Etterretningsbataljonen er Noregs primære avdeling for etterretningsstøtte til militære operasjonar.[2] Støttebataljonen er ein profesjonell avdeling med rask reaksjonstid, med eit personell beståande stort sett av verva yrkesoldatar, faste tilsette og få vernepliktige soldatar.[3] Ifylgje Forsvaret består bataljonen av ei blanding av høgt akademisk utdanna personell og personell med høg teoretisk og realkompetanse innan militære fag.[4]

Sjølv om bataljonen er underlagt styrkestrukturen til Hærens brigade, er bataljonen dimensjonert for å støtta alle norske operasjonar med etterretning. Ein av hovudoppgåvene er utdanning av etterretningspersonell som kan tenestegjera både i Brigade Nord og andre militæravdelingar – nasjonalt og internasjonalt. [3] Mottoet deira er «Ordo ab chao» (latin for «Orden or kaos») som refererer til bataljonens evne til å skapa eit oversyn ut or ein kaotisk krigssituasjon.

Det er berre få utvalte soldatar som får lov til å tenestegjera i Etterretningsbataljonen.[3] Som vernepliktig kan ein tenestegjera i Støtteeskadronen eller i Fjernoppklaringseskadronen.[5] Storleiken til bataljonen skal haldast hemmeleg, sjølv om mange kjelder oppgir at bataljonen har om lag 200 tilsette.[1][6] Bataljonen held til på Setermoen i Bardu.[3][7][8]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om avdelinga ikkje vart offisielt oppretta før 2002, har avdelinga røter heilt til dei norske okkupasjonsstyrkane i Tyskland i 1947. Brigade 471 hadde ein pansra oppklaringseskadron med 2 troppar. Eskadronen vart inkvartert ved garnison Northeim og seinare Bad Gandersheim.[9] Denne eskadronen (Oppklesk) var aktiv i Tyskland i åra 19471953, underlagt Hamburg district og Tysklandskommandoen.[10] Kort etter krigen vart det oppretta diverse mekaniserte oppklaringseskadronar, stort sett i brigadeforbandet Brigaden i Nord-Norge . Desse skulle vera i stand til løysa oppklarings- og sikringsoppdrag for framrykkande styrkar. Dei nyoppretta eskadronane hadde lik organisasjon som dei allierte i Den andre verdskrigen, men sleit med mobilitet i det nordnorske terrenget. Det fanst heller ikkje nok pansermateriell for desse eskadronane.[11] Løysinga vart ein sjølvadministrert hjulryttartropp, med Setermoen som hovudkvarter. Avdelinga, som får namnet Hjulryttereksadronen, var oppsett på sykkel om sommaren og ski om vinteren. I 1956 flyttar Hjulryttereskadronen til Skjold garnison i Målselv.[12] Seinare får eskadronen panservogner. I 1961 er eskadronen omgjort til ein lett stridsvogns-oppklaringseskadron, og får eit nytt namn: Oppklaringseskadronen (OPKLESK). Eskadronen har Skjold som standkvarter inntil han vart overført til Setermoen våren 1994.[13]


Tanken om å etablera ein avdeling med kompetanse på elektronisk krigføring dukka opp allereie på 60-talet. Hausten 1962 vart EK-kadreavdeling underlagt Hærens samband på Sessvollmoen oppretta. Dei første åra gjekk med på å samla utstyr og utvikla kompetanse, i tillegg til å delta i mindre militære eksersisar.[14] I november 1964 flytta EK-kadreavdelinga frå Sessvollmoen til Onsrud. I 1972 vart avdelinga reorganisert, og fekk namnet EK-avdeling/HSB.[15] Etterkvart får avdelinga betre utstyr. EK-avdelinga vart reorganisert att, og overført til Setermoen i august 1977.[15][16] Frå mai 1989 bar avdelinga namnet Elektronisk krigføringskompani (EKKP), og var underlagt 6. divisjonskommando.


Avdelinga er først og fremst ei vidareføring av den tidlegare oppklaringsbataljonen i 6. divisjonskommando i Hæren. Ho vart oppretta i 2002, fordi det var eit viktig NATO-krav at alle statar hadde sjølvstendige ISTAR-kapasitetar. Slike kapasitetar kom til nytte i det norske bidraget i Afghanistan.[6]

Lovbrot[endre | endre wikiteksten]

Etterretningsbataljonen fekk mykje negativ kritikk og merksemd i media våren 2013, då dei vart anklaga for å ha kartlagd norske journalistar ulovleg.[4][6][17][18][19] Det vart avslørt at bataljonen hadde drive med kartlegginga i 2011. Det var EOS-utvalet som i 2013 avdekka kartlegginga under ein uanmeldt inspeksjon. Frilansjournalisten Kjetil Stormark anmeldte bataljonen for den umeldte registreringa.[19] Bataljonen fokuserte utelukkande på journalistar som interesserte seg for Forsvaret og militært etterretningsarbeid, spesielt den hemmeleg spionorganisasjonen E 14.[17]

12. september 2014 konkluderte Datatilsynet med at bataljonen si registrering var i strid med Personopplysingslova. Forsvaret fekk difor ei bot på 75 000 kr for å ha krenka journalistane si rett til privatliv.[20] I byrjinga av april var det kjent at tre journalistar var kartlagd. Omfanget var likevel større: Etterforskarane fann ein 17 sider lang lysbiletepresentasjon med alle personane som bataljonen hadde registrert.[17] Det er enno usikkert om kven som gav ordren om kartlegginga, men mistanken mot bataljonssjefen har gjennom etterforskinga vorte svekt.[18] Kommunikasjonssjefen i Hæren, Marianne Øiahals, sa at opplysingane var opne og offentlege, som vart lagra ein stad det ikkje skulle ha vorte lagra. Ifylgje Øiahals, er all informasjonen sletta beinveges.[4] Dåverande forsvarsminister sa i etterkant at slikt arbeid er heilt uakseptabelt.[21] Brigader Odin Johannessen, sjef for Brigade Nord, beklaga kartlegginga til bataljonen.[22]

Liste over kartlagde journalistar:

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Bataljonsstab[endre | endre wikiteksten]

Bataljonstaben er leiinga i Etterretningsbataljon. I felt og under operasjonar har det overordna ansvaret for plassering av etterretningssoldatar, samband og logistikk.

Fjernoppklaringseskadronen[endre | endre wikiteksten]

Green 1F833C.svg

Eskadronen (Fjernesk) si fremste oppgåve er å utdanna oppklaringssoldatar; etterretningsjegerar i felt som innhentar kritisk informasjon om fienden. I Brigade Nord vert desse soldatane kalla ein «feltoperatør».[23] Både vernepliktige og verva soldatar kan tenestegjera i eskadronen som feltoperatørar. Kjerna i fjernoppklaring er ulike små patruljelag som samlar informasjon gjennom oppklaring, rekognisering og overvaking.[24] Denne informasjonen vert brukt til å utføra større militære operasjonar. For å kunna tenestegjera som feltoperatør må ein koma seg gjennom nålauget. Kvalifiserte søkarar vert invitert til eit grovuttak der det vert kontrollert at søkarane klarer dei medisinske og fysiske minstekrava. Seleksjonen held fram med naudsynt utdanning kombinert med øvelsar som testar motivasjon, vinnarvilje, læringsevne og fysisk og mental kapasitet.[23] Ifylgje Forsvaret sine heimesider bør ein ikkje vera over 30 år dersom ein ønsker ein jobb i Fjernoppklaringseskadronen.[23] Feltoperatørane i eskadronen vert skildra som «cowboyar», sidan dei er kjent i Hæren for å ta seg store fridomar i oppdragsløysing, opplyser fleire forsvarskjelder.[6]

Teknisk sensoreskadron[endre | endre wikiteksten]

Purple column.png

Teknisk sensoreskadron (TSE) består av heilprofesjonelle verva styrkar. Teknisk sensoreskadron har Heimdall med gjallarhornet som avdelingsmerke fordi det speler tilbake på historia om Heimdall og oppgåva hans om å passa på og beskytta.[25]

Etterretnings- og sikkerhetseskadron[endre | endre wikiteksten]

Blue 004DFF.svg

Eskadronen (E&S ESK) var tidlegare eit viktig element i Forsvarets innsatsstyrke–Hær (FIST-H), som ein del av staben. Telemark bataljon utgjorde kjerna i FIST-H, men avdelinga opplevde ei nedlegging i perioden 20052008 då andre avdelingar i Brigade Nord tok over oppgåvene.[26] Eskadronen vart innlemma i Etterretningsbataljonen. Eskadronen utdannar og husar etterretningsoperatørar som innhentar informasjon gjennom interaksjon med andre menneske. Kandidatane må alle gå gjennom psykologiske testar før dei eventuelt får koma på seleksjonen. Dersom ein får tilbod om utdanning, vil gå gjennom ein intensiv grunnutdanning over eit halvt år.[27] Livet og jobben som etterretningsoperatør er svært krevjande: Du må pårekna reiser og lengre opphald i konfliktsoner ulike stader i verda. Dette stiller store krav til personleg motivasjon, psykisk og fysisk robustheit, sosiale evner, haldninger og læringsevne.[28]

Elektronisk krigføringskompani[endre | endre wikiteksten]

Orange F79A18.svg

Elektronisk krigføringskompani (EKKP) innhentar informasjon frå fienden ved bruk av avanserte innhentingsystem. Soldatane utnyttar sambandskommunikasjonen til fienden ved å avkoda sambandets «krypto». Kompaniet kan både vera stasjonert i kommandoplass eller lengre ute i teig for å fanga opp eksakte signal. EKKP løyser eit vidt spekter av oppdrag, både åleine og i direkte støtte til Forsvarets kampavdelingar. Som EK-operatør løyser ein primært oppdrag som ein del av ein større avdeling, både innanlands og utanlands.[29] EK-faget er prega i stor grad av den teknologiske utviklinga, difor stiller det store krav til kompetansen til soldatane. Spesialisering innafor EK-faget er tidkrevjande og krev erfaring, modning, teknisk interesse og innsikt. EKKP har eit eige opptak for å testa motivasjon, fysiske kapasitetar og teknisk innsikt. I tillegg vert språkkompetanse lagt vekt på, som er ein kritisk faktor til å oppfatta fiendtlege signal.[30] Etter seleksjonen vil egna kandidatar få tilbod om å starta på ein eittårig grunnutdanning. Grunnutdanninga gjev moglegheit til å tilegna seg kunnskapar og evner som er naudsynte for å bli godkjent som EK-operatør.[31] EKKP har eigne analytikarar som ser heilskapen i etterretningsinformasjon.[32] Bruken av EK-avdelinga har hatt ein positiv effekt på både sambandstryggleiken til både norske og allierte militære styrkar.[15] Avdelinga har i over 50 år levert etterretningstenester til Hæren, og stiller kontinuerlege bidrag til utanlandsoperasjonar.[33]

Støtteeskadron[endre | endre wikiteksten]

Black column.png

Støtteeskadronen er bataljonen sitt logistikk-kompani. Eskadronen skal syta for at bataljonen held ut i felt. Soldatane er oppsatt på feltvogner, beltevogner og Scania lastevogner. Desse forsyner dei andre eskadronane med materiell, ammunisjon, vakthald, reperasjon og sanitet. Eskadronen er den einaste underavdelinga i bataljonen som er avhengig av vernepliktig personell.[5] Kampstøtteeskadron 6, Støttekompani og Kampstøtteeskadron 5 er likestilte støtteavdelingar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Etterretningsbataljonen»». Store Norske Leksikon. Henta 6. september 2017. 
  2. ««Feltoperatør i Fjernoppklaring»». Forsvaret. Henta 6. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 ««Etterretningsbataljonen»». Forsvaret. Henta 5. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Skevik, Erlend m.fl. (21. mars 2013), «Forsvaret kartla VG-journalister ulovlig», Verdens Gang, henta 16. januar 2015 
  5. 5,0 5,1 ««Støttetjeneste i Etterretningsbataljonen»». Forsvaret. Henta 6. januar 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Stormark, Kjetil (26. mars 2013), «Skjerpet kontroll etter flere overtramp», Nettavisen, henta 6. januar 2015 
  7. ««Setermoen»». Forsvaret. Henta 6. januar 2015. 
  8. Setermoen Leir. (2014, 28. oktober). I Store norske leksikon. Henta 6. januar 2015 frå https://snl.no/Setermoen_leir
  9. Breidlid, Olav m.fl., «Brigade 471», Tysklandsbrigaden, henta 22. desember 2014 
  10. Nore, Aslak, «De første nordmenn i utenlandstjeneste» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 6 2007), s. side 14, henta 15. januar 2015 
  11. Lundesgaard, Leif. 1995. side 114
  12. Lundesgaard, Leif. 1995. side 115
  13. Lundesgaard, Leif. 1995. side 116
  14. Lundesgaard, Leif. 1995. side 148
  15. 15,0 15,1 15,2 Lundesgaard, Leif. 1995. side 149
  16. Lundesgaard, Leif. 1995. side 158
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Bentzrød, Sveinung Berg (17. april 2013), «Etterretningsbataljonen kartla også Aftenposten-journalist», Aftenposten, henta 16. januar 2015 
  18. 18,0 18,1 Peters, Tim m.fl. (11. april 2013), «Minst ni journalister kartlagt av E-bataljonen», Verdens Gang, henta 16. januar 2015 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 Ruud, Hans-Martin Thømt m.fl. (8. april 2013), «To Dagblad-journalister ble også kartlagt av Etterretningsbataljonen», Dagbladet, henta 16. januar 2015 
  20. «Etterretningsbataljonen Nord-Norge – vedtak om overtredelsesgebyr» (PDF), Datatilsynet, s. side 1, 12. september 2013, henta 16. januar 2015 
  21. Geard, Kathrine (23. september 2014), «Smekk etter kartlegging av journalister», Journalisten, henta 17. januar 2015 
  22. Zondag, Martin Herman Wiedswang (8. april 2013), «Flere journalister kartlagt av Etteretningsbataljonen», NRK, henta 17. januar 2015 
  23. 23,0 23,1 23,2 ««Feltoperatør»». Forsvaret. Henta 17. januar 2015. 
  24. ««Feltoperatør i Fjernoppklaring»». Forsvaret. Henta 9. januar 2015. 
  25. Melgård, Marie (29. september 2010), «Forsvaret dyrker selv vikingkultur», Dagbladet, henta 14. januar 2015 
  26. Leraand, Dag (26. oktober 2014), «FIST–H», Store norske leksikon  Text " https://snl.no/FIST%E2%80%93H " ignored (hjelp);
  27. Henriksen, Øyvind (2. januar 2007), «Forsvaret søker spioner», e24, henta 9. januar 2015 
  28. ««Etterretningsoperatør»». Forsvaret. Henta 17. januar 2015. 
  29. ««Elektronisk krigføringsoperatør»». Forsvaret. Henta 9. januar 2015. 
  30. ««Søknad og opptak»». Forsvaret. Henta 9. januar 2015. 
  31. ««Livet som EK-operatør»». Forsvaret. Henta 9. januar 2015. 
  32. ««Elektronisk krigføringsanalytiker»». Forsvaret. Henta 7. februar 2016. 
  33. ««Elektronisk krigføringsoperatør»». Forsvaret. Henta 18. januar 2015. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lundesgaard, Leif (1995). Brigaden i Nord-Norge 1953-1995. Eleanders Forlag: Oslo. ISBN: 82-90545-51-7