Etterstadkroken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Etterstadkroken (Oslo))
Etterstadkroken

Etterstadkroken er ei gate på Etterstad i Oslo. Gata forbind Etterstadsletta med Brynseng stasjonT-banen. Namnet vart vedteke i 1968. I nr. 5-7 ligg åtte bustadsblokker med til saman 360 leilegheiter, bygd i 2001/2002. I nr. 9 stod dei prisløna produksjonslokala til Norsk Elektrisk Kabelfabrik A/S (Sundts premie 1953-55), teikna av arkitekten Guttorm Bruskeland. Bygget hadde eit bølgjeforma tak over ein søylefri produksjonshall, og i Oslo bys historie (bind 5) er han brukt som døme på Gaffeltruckens landskap. Den gamle kabelfabrikken vart riven i 2006 for å gje plass til eit til nytt nærings- og bustadsområde. Byggeplanen vart ikkje gjennomført. Ein ny barneskule, Brynseng skule, vart bygd i staden. Skulen stod ferdig i 2017.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]