Eugenio Barsanti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugenio Barsanti

Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 12. oktober 1821
Pietrasanta
Død

18. april 1864 (42 år)
Seraing

Yrke romersk-katolsk prest, ingeniør, oppfinnar, fysikar
Språk italiensk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Eugenio Barsanti på Commons

Eugenio Barsanti (12. oktober 182119. april 1864) var ein italiensk ingeniør, kjend som ein pioner innan utviklinga av motorar med intern forbrenning.

Barsanti vart fødd i Pietrasanta i Toscana, gjekk på skule i nærleiken a Lucca i Toscana. I 1838 tok han til som lærling ved den katolske piaristorenen i Firenze, som hadde ei positiv handning til vitskaplege studiar. I 1841 vart han lærar ved Collegio San Michele i Volterra. Det heiter at det var då han i samband med undervisninga forklarte korleis ei blanding av luft og hydrogen dannar ein eksplosiv gass (knallgass) at han fyrst kom til å tenkja på at ein slik gass kunne nyttast for å driva ein motor.

Noko seinare møtte han Felice Matteucci, som arbeidde med hydraulikk og forklarte han om hugskotet sitt. Dei to ingeniørane tok til å utvikla ein motor med intern forbrenning og dette samarbeidet heldt fram heilt til Barsanti døydde i 1864. For soga om dette samarbeidet sjå artikkelen Barsanti og Matteucci.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]