Eukaryotar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eukaryotar
Nakensniglane Glaucus atlanticus (til venstre) og Glaucilla marginata er døme på eukaryotar.
Nakensniglane Glaucus atlanticus (til venstre) og Glaucilla marginata er døme på eukaryotar.
Systematikk
Overrike: Eukaryotar Eukaryota
Chatton, 1925

Eukaryotar er éin- eller fleircella organismar kjenneteikna av indre membranar, eit celleskjelett og mange celleorganeller som ikkje finst i prokaryote celler. Dei viktigaste eukarote celleorganella er cellekjernen (nukleus), endoplasmatisk retikulum, golgiapparatet, celleskjelettet, mitokondriar, kloroplastar og flimmerhår (ciliar).

Domenet har fått namnet sitt etter den tydelege cellekjernen gjennom samansettinga av gresk ευ, 'god, ekte' og κάρυον, 'nøtt'. Inni kjernen finn ein arvematerialet DNA ordna i kromosom. I prokaryotar ligg derimot arvematerialet spreidd rundt i cella.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]