Euphoria av Loreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Euphoria»
Eurovision Song Contest 2012
Land Sverige
Artist(ar) Lorine Zineb Nora Talhaoui
Alias Loreen
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Thomas G:son og Peter Boström
Resultat
Semifinalepoeng 181
Semifinaleplass 1
Finalepoeng 372
Finaleplass 1
Sverige i Eurovision Song Contest
«Popular»
(2011)
«Euphoria» «You»
(2013)

«Euphoria» er ein singel av Loreen, gjeven ut i 2012. Songen er skriven av Thomas G:son og Peter Boström.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodifestivalen 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer ti i den fyrste semifinalen etter «Jag reser mig igen» av Thorsten Flinck og Revolutionsorkestern. Bidraget fekk totalt 160 351 røystar, 78 121 i den fyrste runden og 82 230 i den andre runden, og gjekk vidare til finalen.

Songen starta som nummer seks i finalen etter «Baby Doll» av Top Cats og før «Soldiers» av Ulrik Munther. Bidraget fekk tolv poeng frå Estland, Kypros, Bosnia-Hercegovina, Tyskland, Irland og Noreg, ti poeng frå Frankrike, Ukraina og Malta, seks poeng frå Belgia og Storbritannia og 670 551 røystar frå Sverige. Det vart til saman 268 poeng og songen vann av totalt ti bidrag.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i Melodifestivalen 2012 vart det klårt at «Euphoria» skulle representere Sverige i Eurovision Song Contest 2012. Sverige delok i den andre semifinalen der landet vann med 181 poeng; tolv frå Nederland, Georgia, Estland, Slovakia, Noreg og Tyskland, ti poeng frå Portugal, Bulgaria, Slovenia og Litauen, åtte frå Makedonia, Malta og Storbritannia, sju frå Serbia, Kviterussland, Ukraina og Bosnia-Hercegovina, seks frå Kroatia og Frankrike og fem frå Tyrkia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 180 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 145 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei vann med 372 poeng; tolv frå Storbritannia, Ungarn, Russland, Island, Frankrike, Estland, Noreg, Danmark, Spania, Tyskland, Irland, Latvia, Belgia, Finland, Israel, Austerrike, Nederland og Slovakia, ti frå Litauen, Romania, Serbia og Slovenia, åtte frå Bosnia-Hercegovina, Bulgaria og Georgia, sju frå Aserbajdsjan, Moldova, Montenegro, Sveits og Kroatia, seks frå Hellas, Tyrkia, Malta, Makedonia, Ukraina og Kviterussland, fem frå Albania og tre frå San Marino og Portugal. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 343 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 296 poeng. Dette var den femte gongen Sverige vann Eurovision Song Contest, og «Euphoria» satte rekord i antall tolvpoengarar, med heile 18 stykk. Den førre rekorden på 16 tolvpoengarar var frå 2009 då Noreg vann med «Fairytale» av Alexander Rybak.[1][2]

Same veka som finalen vart arrangert kom vart det «diplomatisk krise» mellom Aserbajdsjan og Sverige etter at Loreen fekk møta menneskerettsforkjemparar i landet. Ei aserbajdsjansk avis skreiv at den svenske ambassadøren Mikael Eriksson skulle ha oppfordra Loreen til å koma med politiske ytringar frå scena.[3] I tillegg var ho nær ved å verte diskvalifisert då ho fekk spørsmål om menneskerettssituasjonen i Aserbajdsjan av di det ikkje er lov å blande inn politikk i Eurovision Song Contest.[4]

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

Som opningsnummer i den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2013 framførte Gina Dirawi songen, då med ein nyskriven svenskspråkleg tekst og med tittelen «Euforia». Ein del av melodien til «Amazing» av Danny Saucedo vart òg teken med i den nye versjonen. Teksten er skriven av Edward af Sillén og Daniel Réhn.[5]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige vart opna av med at barn teiknspråktolka «Euphoria» samstundes som Loreen framførte songen.[6] I finalen framførte Loreen en medley av «Euphoria», «We Got The Power» og «My Heart Is Refusing Me».[7][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]