Eurasianisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eurasianisme (russisk евразийство, evraziistvo) er ei politisk og intellektuell rørsle med opphav i den russisk émigré-gruppa som hevdar at den russiske sivilisasjonen ikkje tilhøyrer Europa eller Asia kulturelt sett, men utgjer sin eigen entitet. Rørsla dykka opp 1921 då brosjyren Turn to the East blei gjeven ut av ei gruppe russiske emigrantar. Ved slutten av andre verdskrigen var rørsla blitt kjend i Sovjetunionen. Ein av dei fremste representantane var Lev Gumiljov.[1]

Rørsla fremjar stordommen til Russland og har spreidd seg, ut fråRussland til land som Kasakhstan og Tyrkia. Rørsla ønskjer å få fram kva som ligg i denne stordommen og kvifor dette berre kan målførast gjennom eit imperium.[2] Geopolitisk og dessutan kulturell unikheit er begge viktige delar av denne stordommen. Sjølv om rørsla er oppdelt har dei ulike retningane same ideologiske grunnide som er at Russland er ein separat kultur, skild frå både europeisk og asiatisk kultur.[3][1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shlapentokh, Dmitry: Russia Between East and West: Scholarly Debates on Eurasianism, BRILL, 2007. ISBN 9004154159. 
  2. Laruelle, Marlène: Russian Eurasianism: An Ideology of Empire, Johns Hopkins University Press, 2012. ISBN 1421405768. 
  3. Sengupta, Anita: Heartlands of Eurasia: The Geopolitics of Political Space, Lexington Books, 2009.