Eurokode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eurokodane er dei felleseuropeiske dimensjoneringsreglane for dei berande konstruksjonane til byggverk, som bruer eller hus.

Eurokodane blei laga på oppdrag frå Europakommisjonen og Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA), innanfor ramane av den europeiske standardiseringsorganisasjonen Comité Européen de Normalisation (CEN). For kommisjonen er formålet å utvikle det indre marknaden når det gjeld produkt og tenester innanfor byggebransjen. Meir samordna tryggleiksnivå i denne bransjen i Europa var òg ønskeleg.[1]

Eurokodane kan ikkje angi kva tryggleiksnivå som skal gjelde, ettersom overgripande lovgjeving for byggebransjen ikkje er harmonisert innan Den europeiske unionen. Dei styresmaktene som i kvart land har ansvar for denne lovgjevinga, er derimot forplikta til å tilpasse reglane sine slik at eurokodane skal kunne brukast. I tillegg til eurokodane publiserer kvart land eit nasjonalt vedlegg med dei spesifikke forskriftene som gjeld i landet. Tanken er ein skal kunne kjøpe eurokodane på alle språk, og komplettere med den nasjonale delen for det landet ein er interessert i. I Noreg blir eurokodane publisert av Norsk standard.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Eurokoder på kommissionens hemsida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]