Europa Universalis IV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europa Universalis IV
Utviklar(ar)Paradox Development Studio
Utgjevar(ar)Paradox Interactive
DistributørSteam, Humble Store, Epic Games Store
Kreativt ansvarleg(e)Johan Andersson
SerieEuropa Universalis
SpelmotorClausewitz-spillmotoren
Siste versjon1.36.1
Plattform(er)Microsoft Windows Mac OS X Linux
Utgjeving13. august 2013
SjangerStorstrategispel
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://www.paradoxplaza.com/europa-universalis-all/
Del av serien Europa Universalis⠀
←Europa Universalis III  ·

Europa Universalis IV (forkorta EU4) er eit historisk storstrategispel laga av Paradox Interactive, utgjeve 13. august 2013.

Europa Universalis IV er oppfølgjaren til Europa Universalis III. Spelet lar ein spele frå seinmellomalderen og fram til byrjinga av 1800-talet.[1] Ein kan spele som nasjonar over heile verda, frå Japan til Europa og Amerika.

Sjølve spelet[endre | endre wikiteksten]

Spelet startar 11. november 1444 og sluttar 2. januar 1821, og ein kan velje å starte mellom desse datoane. Spelet skjer i samtid og nyttar pausar og fleire fartsnivå. Spelaren spelar på eit interaktivt kart delt opp i provinsar og sjøsoner. Eit land består av provinsar som gir både positive og negative bonusar.

Korleis ein bygger opp eit imperium varierer, til dømes gjennom å erobre andre land, kolonisere, handel og så vidare. Ved bruk av diplomati kan ein sikre ein allianse med ein nabo og dimed stoppe eit anna rike frå å gå til angrep, bruke spionar til å oppfordre til opprør i andre land og anna.

Når tida går framover får ein hendingar (såkalla «events») der spelaren kan gjere eit av fleire val. Hendingane kan få gode eller dårlege følgjer.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Nytt «Monarch Power»-system.
  • Dynamiske årstider som forandrar seg med året.
  • Nytt og oppdatert handelssystem.
  • Djupare diplomati mellom nasjonar og fleire moglegheiter.
  • Eit tre-dimensjonalt topografisk kart.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Europa Universalis IV fekk generelt gode kritikkar, med ein poengsum på 87 av 100 frå Metacritic[3] og ein poengsum på 91 av 100 frå PC Gamer. Gaming Nexus gav spelet 9 av 10 poeng[4] og gamer.no gav spelet 9 av 10.[5] Kritikarane roste spesielt forbetringane i grafikken samanlikna med tidlegare utgåver av spelet.

Sal[endre | endre wikiteksten]

Per 2012 hadde Europa Universalis IV selt meir enn 300 000 eksemplar.[6] Innan juni 2016 hadde Europa Universalis IV selt ein million eksemplar på Steam.[7]

Utviklinga av spelet[endre | endre wikiteksten]

Diskusjon om ein oppfølgar til Europa Universalis III starta rett etter utvidinga Divine Wind blei utgjeve.[8] Utviklinga av spelet starta seint i 2011[8] og blei annonsert i 2012 rett før gamescom det året.[9] Kvar veke sleppte utviklarane ut dagbøker der dei fortel om forskjellege aspekt ved spelet.[10] Etter utgjevinga av spelet har det kome fleire utvidingspakker med eigne utviklingsdagbøker.

Utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Namn Utgjevingsdato Skildring
Conquest of Paradise 11. januar 2014 Conquest of Pardise var den første utvidinga til hovudspelet. Denne utvidinga fokuserer på kolonisering, Amerika og amerikanske urfolk. I tillegg har det blitt lagt til ein ny verd-generator. Større kolonier blir til eigne nasjoner med avgrensa sjølvstyre.[11]
Wealth of Nations 29. mai 2014 Wealth of Nations har namnet sitt frå ei bok av Adam Smith. Utvidinga var den andre i rekkja av utvidingar, og utvidar handel og handelsrepublikkar. Du får også moglegheit til å opprette ditt eige austindiske selskap.[12]
Res Republica 16. juli 2014 Res Republica kan omsetjast til 'offentleg sak'. Utvidinga utvidar handel og republikkar. Nye hendingar har blitt lagt til for val, og den nye styringsformen diktatur har blitt lagt til. Ein kan òg få monarkiet sitt på trona gjennom eit valmonarki.[13]
Art of War 30. oktober 2014 Namnet Art of War er henta frå Sun Tzu si bok Kunsten å krige. Utvidinga fokuserer på krigføring på land og sjø, og legg til festningar. Diplomati har blitt forbetra og eit system for å simulere Trettiårskrigen har blitt lagt. katolismen blir utvida og spelet får eit nytt system for opprør.[14]
El Dorado 26. februar 2015 Utvidinga El Dorado har fått namn frå det mytiske sogelandet Eldorado. El Dorado utvidar Mexico og Peru-regionan og gjev nye former for kolonisering. Ein kan no sende flåtar og hærar ut på oppdrag for å utforske og for å jakte dei sju byar av gull. Ein kan no lage sin eigen nasjon med ein nasjondesignar.[15]
Common Sense 9. juni 2015 Namnet Common Sense er henta frå boka Common Sense («sunn fornuft») av av Thomas Paine. Common Sense fokuserer på diplomati, religion og intern utvikling. Det er lagt til parlament for nokre styreformer. Protestantismen og buddhismen har også blitt utvida.[16]
The Cossacks 1. desember 2015 The Cossacks hentar namnet sitt frå kosakkane, ei folkegruppe som held til i Polen, Ukraina og Russland. Utvidinga legg til stender som adelen, geistlege og handelsmenn. Spionasje har blitt forbetra og hordar kan no plyndre provinsar.[17]
Mare Nostrum 5. april 2016 Mare Nostrum er latin og betyr «vårt hav», som var namnet romarane nytta om Middelhavet. Utvidinga fokuserer på hav, og utvidar handel, sjøfunksjonar og krigføring på sjøen. Det har blitt lagt til nye automatiserte oppdrag for skip. Ein kan no leie condottieri og ei tidslinje.[18]
Rights of Man 11. oktober 2016 Rights of Man hentar namnet sitt frå ei bok av Thomas Paine. Utvidinga legg til eit system for stormakter, forskjellige personlegdomar og nye styringsformar for Det osmanske riket og Preussen. Teknologi har blitt omarbeidd med eit nytt system.[19]
Mandate of Heaven 6. april 2017 Mandate of Heaven har namnet sitt frå den kinesiske førestillinga det himmelske mandatet. Utvidinga fokuserer på Kina og Austen generelt. Nasjonar i Kina kan no halde det himmelske mandatet. shogunat-systemet i Japan har blitt utvida. Forskjellige tidsepokar (såkalla «ages») er blitt lagde til der nasjoner kan få bonusar.[20]
Third Rome 14. june 2017 Third Rome fokuserer på Russland og Sibir. Russiske nasjonar kan no mykje lettare kolonisere Sibir. Russisk styringsform har blitt utvida.[21]
Cradle of Civilization 16. november 2017 Cradle of Civilization utvidar Midtausten med nye events og fleire provinsar. Det er også blitt lagt til eit treningssystem for troppar.[22]
Rule Britannia 20. mars 2018 Rule Britannia hentar namnet sitt frå den patriotiske songen «Rule, Britannia!» av Thomas Augustine Arne. Utvidinga fokuserer på Dei britiske øyane. Utvidinga legg til fleire provinsar i Storbritannia, Nord-Frankrike og Benelux. Den anglikanske kyrkja har blitt lagt til som ein religion. Oppdrag er blitt omarbeidd.[23]
Dharma 6. september 2018 Dharma fokuserer på India og legg til nye reformar for nasjonar. Handelsselskap har blitt oppdatert og India har fått nye stender.[24]
Golden Century 11. desember 2018 Golden Century fokuserer på Pyrenéhalvøya og Maghreb. Med utvidinga Golden Century kan ein forvise minoritetar til den nye verda. Ein kan etablere piratrepublikkar og bygge eit flaggskip.[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «How Paradox's Crusader Kings II to Europa Universalis IV save converter will work», PC Gamer (på engelsk), henta 10. januar 2020 
  2. «Europa Universalis IV | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 8. januar 2020 [daud lenkje]
  3. «Europa Universalis IV», Metacritic (på engelsk), henta 10. januar 2020 
  4. «Europa Universalis IV», Gaming Nexus (på engelsk), henta 10. januar 2020 
  5. Kjørmo, Marius (23. august 2013), «ANMELDELSE: Europa Universalis IV - Side 2», Gamer.no (på norsk), henta 9. februar 2020 
  6. «How Paradox Interactive found success in a niche market», Destructoid (på engelsk), henta 10. januar 2020 
  7. «Paradox Interactive Announces Grand Successes for Grand Strategy Titles», Paradox Interactive - Global Games Publisher (på engelsk), henta 10. januar 2020 
  8. 8,0 8,1 «Europa Universalis IV - Development Diary #0 - Our Vision», Paradox Interactive Forums (på engelsk), henta 9. februar 2020 
  9. «Paradox reveals Europa Universalis 4, to be shown at Gamescom», PC Invasion (på engelsk), 10. august 2012, henta 9. februar 2020 
  10. «Developer diaries - Europa Universalis 4 Wiki», eu4.paradoxwikis.com, henta 9. februar 2020 
  11. «Save -50% on Europa Universalis IV: Conquest of Paradise | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  12. «Save -50% on Europa Universalis IV: Wealth of Nations | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  13. Savage, Phil (17. juni 2014), «Europa Universalis 4 targets trade and governance in Res Publica mini-expansion», PC Gamer (på engelsk), henta 23. januar 2020 
  14. «Save -50% on Europa Universalis IV: Art of War | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  15. «Save -50% on Europa Universalis IV: El Dorado | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  16. «Save -50% on Europa Universalis IV: Common Sense | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  17. «Save -50% on Europa Universalis IV: Cossacks | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  18. «Save -50% on Europa Universalis IV: Mare Nostrum | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  19. «Save -50% on Europa Universalis IV: Rights of Man | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  20. «Save -50% on Europa Universalis IV: Mandate of Heaven | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  21. «Save -50% on Europa Universalis IV: Third Rome | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  22. «Save -50% on Europa Universalis IV: Cradle of Civilization | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  23. «Save -50% on Europa Universalis IV: Rule Britannia | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  24. «Save -50% on Europa Universalis IV: Dharma | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]
  25. «Save -50% on Europa Universalis IV: Golden Century | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 23. januar 2020 [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]