Europacupen i fotball 1967

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1967 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 nasjonale toppseriar i fotball deltok, attåt tittelforsvarar Real Madrid. Turneringa var den 12. i rekka og vart vunnen av det skotske laget Celtic FC frå Glasgow. I finalen i Lisboa 25. mai 1967 vann Celtic med 2-1 over FC Internazionale frå Milano. Celtic vart dermed det fyrste laget frå Storbritannia som gjekk til topps i Europacupen i fotball. For fyrste gong deltok eit lag frå Sovjetunionen i Europacupen.

Europacupen 1967 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkampar måtte laga spele omkamp. Turneringa tok til med ei kvalifikasjonsrunde mellom fire utvalde lag den 31. august 1966. Sidan vart avvikla fire rundar med utslagskampar, før finalen fann stad i Lisboa. Celtic tok seg til finalen ved å slå ut FC Zürich, FC Nantes, Vojvodina Novi Sad og Dukla Praha, medan Inter vann over høvesvis Torpedo Moskva, Vasas Budapest, tittelforsvarar Real Madrid og, etter omspel, over CSKA Sofia.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen på Estádio Nacional i Lisboa fann stad framfor 45 000 tilskodarar. Sandro Mazzola gav Inter leiinga på straffespark i det 6. minutt. Det skotske meisterlaget utlikna ved sidebacken Tommy Gemmell i 63. minutt, og fekk sigersmålet i det 84. minutt ved senterforward Stevie Chalmers.

Celtic sitt vinnarlag bestod av: Ronnie Simpson, Jim Craig, Billy McNeill, John Clark, Tommy Gemmell, Bobby Murdoch, Bertie Auld, Jimmy Johnstone, William Wallace, Stevie Chalmers og Bobby Lennox. Laget vart trena av Jock Stein.

Inter mønstra: Giuliano Sarti, Tarcisio Burgnich, Armando Picchi, Aristide Guarneri, Giacinto Facchetti, Gianfranco Bedin, Sandro Mazzola, Mauro Bicicli, Angelo Domenghini, Renato Cappellini, Mario Corso.

Vesttyskaren Kurt Tschenscher dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fjernsynsreferat frå finalen 25.5.1967