Europacupen i fotball 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1968 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 nasjonale toppseriar i fotball deltok, attåt tittelsforsvarar Celtic FC. Turneringa var den 13. i rekka og vart vunnen av Manchester United. I finalen på Wembley stadion i London 29. mai 1968 vann laget med 4-1 over Benfica frå Lisboa etter ekstraomgangar. Manchester United vart dermed det fyrste engelske laget sigra i Europacupen i fotball.

Europacupen 1968 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkampar måtte laga spele omkamp. Turneringa tok tok til 13. september 1967 og vart avvikla over fire rundar med utslagskampar, før finalen fann stad i London. Manchester United tok seg til finalen ved å slå ut Hiberninas FC frå Malta med 4-0 og 0-0, FK Sarajevo etter 0-0 og 2-1, polske Górnik Zabrze etter 2-0 og 0-1, samt Real Madrid etter 1-0 og 3-3. Benfica slo ut Glentoran FC, AS Saint-Étienne, Vasas Budapest og italienske Juventus.

Lagoppstillingane på Wembley stadion

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Framfor 92 200 tilskodar på Wembley stadion gav Bobby Charlton United leiinga i det 53.minutt, og Jaime Graça utlikna i det 75. minutt. Ni minuttar ut i fyrste ekstraomgang var kampen så godt som avgjort, då både George Best, Brian Kidd og Bobby Charlton hadde sendt Manchester United opp i leiing 4-1.

Vinnarlaget Manchester United stilte med Alex Stepney, Shay Brennan, Bill Foulkes, David Sadler, Tony Dunne, Pat Crerand, Bobby Charlton (kaptein), Nobby Stiles, George Best, Brian Kidd og John Aston.

For Benfica spelte José Henrique, Adolfo Calisto, Humberto Fernandes, Jacinto Santos, Fernando Cruz, Jaime Graça, Mário Coluna (kaptein), José Augusto, José Augusto Torres, Eusébio og António Simões.

Concetto Lo Bello frå Italia dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]