Europacupen i fotball 1969

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1969 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 nasjonale toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelsforsvarar Manchester United. Turneringa var den 14. i rekka og vart vunnen av AC Milan. I finalen på Santiago Bernabéu i Madrid 28. mai 1969 vann laget med 4-1 over Ajax Amsterdam. Milan sikra seg dermed sin andre triumf i Europacupen i fotball, den fyrste kom i 1963.

I august 1968 invaderte dei fleste medlemsstatane i Warszawa-pakta Tsjekkoslovakia, og sette ein stoppar for den politiske utviklinga i landet. Fotballklubbane i Vest-Europa nekta då å møtte oppsette motstandarlag frå invasjonsstatane. Mot statuttane valde UEFA då å annullere delar av kampoppsettet i fyrste runde, og i staden sette laga frå invasjonsstatane opp mot einannan. Både Carl Zeiss Jena, Ruch Chorzów, Ferencváros frå Budapest, Levski frå Sofia og Dynamo Kiev trekte då laget i protest mot avgjerda.

Europacupen 1969 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 18. september 1968 og vart altså avslutta med finale i mai 1969. På veg mot triumf slo AC Milan ut Malmö FF, Celtic FC og Manchester United, i den andren runde fekk Milan walkover. Ajax vann over FC Nürnberg, Fenerbahçe frå Istanbul, Benfica frå Lisboa og Spartak Trnava. I kvartfinalane mot Benfica måtte laga ut i omspel, då begge klubbne vann heimekampen med 3-1.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

31  782 tilskodarar såg finalen i Madrid, der Pierino Prati sende Milan i 2-0-leiing til pause, etter mål i det 8. og 40. minutt. Eit kvarter ut i andre omgang reduserte Velibor Vasović for Ajax på eit straffespark, før Angelo Sormani og Prati auka til 4-1 med nettkjenningar i det 67. og 75. minutt.

Vinnarlaget frå Milano bestod av; Fabio Cudicini, Angelo Anquilletti, Roberto Rosato, Saul Malatrasi, Karl-Heinz Schnellinger, Giovanni Trapattoni, Giovanni Lodetti, Kurt Hamrin, Angelo Sormani, Gianni Rivera (kaptein) og Pierino Prati.

Ajax stilte med kapteinen Gert Bals i mål, Wim Suurbier, Barry Hulshoff, Velibor Vasović, Theo van Duivenbode, Anton Pronk, Henk Groot, Sjaak Swart, Inge Danielsson, Johan Cruijff og Piet Keizer. Suurbier og Groot spelte berre fyrste omgang, inn kom i staden Bennie Muller og Klaas Nuninga.

Spanske José María Ortiz dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]